Hopp til innhold

Vil du skape gode matopplevingar for bebuarar og brukarar ved Lom helseheim?

Arbeidsgiver

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Lom

Om jobben

Likar du å lage god mat og bidra til gode måltidsopplevingar for andre? Vi søkjer ein engasjert og dyktig kokk til kjøkenet ved Lom helseheim.

Frå 01.10.2026 har vi ledig 60 % fast stilling som kokk m/fagbrev. Stillinga inneber dagarbeid og arbeid kvar 4. helg.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Institusjonskokk
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Hva vi ser etter

Vi søkjer deg som:

  • har fagbrev som kokk. Relevant erfaring og kompetanse kan bli vurdert

  • har interesse for matlaging og gjerne erfaring frå storkjøkken, institusjon eller liknande

  • samarbeider godt med andre, men også kan arbeide sjølvstendig

  • er fleksibel og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

  • er initiativrik, engasjert og ser moglegheiter

  • er serviceinnstilt og oppteken av gode brukaropplevingar

  • har godt humør og evne til å skape gode relasjonar

  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

  • har grunnleggjande datakunnskapar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgaver

  • Tilberede næringsrike og gode måltid til ulike brukargrupper

  • Bidra til gode matopplevingar og tilpassing av måltid etter behov

  • Delta i kantine- og cateringverksemd

  • Andre oppgåver knytt til kjøkendrifta

Vi tilbyr

  • Ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag- og brukarfokus

  • Ein jobb der du får bidra til gode opplevingar for ulike brukargrupper

  • Stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

Kontaktperson for stillingen

Hanne Marstein

Fagansvarleg for kjøkenet

90720183

hanne.marstein@lom.kommune.no

Om bedriften

Kjøkkenet Lom helseheim

På kjøkkenet ved Lom helseheim lagar vi mat til bebuarar i institusjon, dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom, matombringingstenesta og ulike aktivitetar på institusjonen.

I tillegg driv vi kantine- og cateringverksemd.

Lom

Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.

I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.

Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1cf15d07-f818-4eaf-9a5d-226a99f01582

Sist endret

30. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

1cf15d07-f818-4eaf-9a5d-226a99f01582

Lignende annonser

Laster lignende annonser