Kokk- ledig fast 80% stilling
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk- 80% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. august
Vestre Slidre helsetun har ledig 80% fast stilling, pluss ferievikar, frå 1.oktober.
Vi jobbar i team, med to til tre kokkar pr vekedag, og har dagturnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Vi har eit moderne kjøkken, og produserer mat til alle på helsetunet, samt til ein del heimebuande. Det er også mogleg å bestille catering frå oss. Vi har kantinedrift, som kjøkkenpersonalet har ansvar for, og denne er open alle vekedagar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg matlaging- tørrmat, samt lunsj og middagar
- Servere middag i avdelinga
- Dagleg reinhald
- Baking
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk - gjerne institusjonskokk
- Erfaring frå arbeid innan institusjon er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga, og på tvers med andre faggrupper
- Må trivast med å arbeide sjølvstendig
- Fint med stor arbeidskapasitet
- Evne til å skape framdrift åleine, og ilag med andre
- Fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Gode forsikrings og pensjonsordningar
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Bente Haugen, Tenesteleder Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5160467832
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noDel annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a1fd25a-bc88-48db-8740-c4c1a1d3a46b
- Sist endret
14. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97df813eda9147be9a0379d0930df9c0