Hopp til innhold

Vil du jobbe tett på barn og familier i eit sterkt fagmiljø?

Arbeidsgiver

Barne- og ungdomsavdeling

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Fonna omfattar sengepost, poliklinikk på Stord og i Haugesund, nyfødtintensiv og familieambulatoriet. No søkjer vi sjukepleiar til Barne- og ungdomspoliklinikken.

Vi har ledig ei 100 % fast kombinasjonsstilling ved poliklinikken, med helgestilling knytt til Barne- og ungdomssengeposten (turnus kvar tredje helg).
Hos oss vil du i hovudsak arbeide innan fagområdet gastroenterologi, men også bidra innan andre pediatriske fagområde. Arbeidskvardagen er variert og inneber utgreiing, behandling og oppfølging av barn og unge frå 0–18 år.

Du blir ein del av eit lite og tett fagmiljø med fem sjukepleiarar ved poliklinikken, og samarbeider nært med legar, sengepost, primærhelsetenesta og andre spesialistmiljø.
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, strukturert og som trivst i arbeid med barn, ungdom og familiane deira.

Hos oss møter du eit fagmiljø prega av samarbeid, respekt og engasjement for gode pasientforløp.


Kva går jobben ut på?

  • Innkalling, mottak og oppfølging av barn og unge i poliklinikken.
  • Planlegging og koordinering av pasientforløp, samt iverksetting og vidareføring av behandling i samarbeid med ansvarleg lege.
  • Sjukepleiefagleg ansvar med observasjon, vurdering og dokumentasjon.
  • Forberedelse til og assistanse ved undersøkingar og prosedyrar.
  • Rettleiing og støtte til barn, foreldre og pårørande.
  • Tverrfagleg samarbeid, administrative oppgåver knytt til poliklinikkdrift, samt bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring i avdelinga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. 
  • Erfaring frå poliklinikk, barneavdeling eller pediatri er ein fordel. 
  • Interesse for arbeid med barn, ungdom og familier. 
  • Gode kunnskaper om journalsystemene Dips og Meona. 
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er fagleg trygg, arbeider strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver
  • skaper tryggleik i møte med barn, ungdom og pårørande
  • er påliteleg og bidreg til kontinuitet og forutsigbarheit
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • trivst i eit aktivt arbeidsmiljø og handterer ein variert arbeidskvardag
  • bidreg positivt til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir vektlagd. 

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Moglegheit til å utvikle spisskompetanse innan gastroenterologi.
  • Deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • Forutsigbar arbeidstid med dagstilling i poliklinikk.
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Eit trygt og støttande arbeidsmiljø med kultur for open dialog og samarbeid.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Robberstad, Funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5087487508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79eea207-4188-489c-9567-a94355e69391

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ee484f0b41854c45ae7e42ded8e732cf

Lignende annonser

Laster lignende annonser