Hopp til innhold

Fast sjukepleiarjobb i Haugesund

Arbeidsgiver

Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

No har vi fleire faste heilstillingar for sjukepleiarar ved Haugesund sjukehus. Det beste? Du kan søkje ved fleire avdelingar med éin og same søknad.

Kanskje er du nysgjerrig på akuttpsykiatri. Kanskje ser du for deg ein kvardag innan nevrologi, gastrokirurgi/urologi, barne- og ungdomsavdeling eller hemato/endo/infeksjon. Her kan du søkje breitt – og samstundes vere tydeleg på kva fagmiljø du helst vil jobbe i.

Hos oss får du fast jobb, faglege utfordringar og høve til å finne avdelinga som passar best for deg. Skriv i søknaden kva avdeling(ar) du ønskjer – så tek vi det derfrå.

Her er ein kort smakebit på dei ulike avdelingane:

  • Akuttpsykiatrisk post – Hos oss får du målretta opplæring, MAP i turnus og trening på reelle situasjonar gjennom simulering. Vi har fagdager, stort fokus på HMS og eit arbeidsmiljø der vi bryr oss om korleis du har det på jobb. Vi har eit ønskje om større kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet vårt og oppmodar derfor særleg menn til å søkje.
  • Gastrokirurgisk/urologisk sengepost – Hos oss blir du del av eit inkluderande og motivert team, med både planlagde og akutte innleggingar. Turnus kan tilpassast etter ønskje, og du kan òg få langvakter i helgene dersom du ønskjer det – i tillegg til fagleg påfyll med fagdager og simulering innan gastrokirurgi, urologi og kreft.
  • Barne- og ungdomsavdeling - Hos får du jobbe tett på barn, ungdom og familiane deira i ein variert kvardag med utgreiing, behandling og oppfølging. Du blir ein del av eit lite og tett fagmiljø med godt samarbeid.
  • Nevrologisk sengepost  – Hos oss jobbar du tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med flinke kollegaer og samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Fagfeltet er spennande og i rask utvikling, og du får møte både akutt og kronisk sjuke pasientar i ein variert kvardag der vi ser heile mennesket.
  • Hemato/endo/infeksjonspost - Her får du ein variert arbeidskvardag med pasientar som ofte har samansette og komplekse helseutfordringar. Hos oss får du jobbe tett i team, utvikle deg fagleg og bli ein del av eit sterkt arbeidsmiljø.

👉 Trykk på søk-knappen – vi gler oss til å høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

Du vil mellom anna følgje opp pasientar gjennom observasjon, behandling, stell og pleie. Du får bruke og vidareutvikle kliniske ferdigheiter, administrere og følgje opp legemiddel og arbeide med medisinsk-teknisk utstyr. Kvardagen hos oss er prega av tett samarbeid, trygg pasientoppfølging og fagdeling på tvers av yrkesgrupper.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.  

Kva ser vi etter hos deg?

Du har eit godt lag med folk og møter andre med varme og respekt. Du likar å støtte kollegaene dine, ser kva som må gjerast og stiller opp når det trengst. Samtidig trivst du i eit miljø der ein hjelper kvarandre.

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og brei erfaring i eit trygt arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre. Vi sørgjer for god opplæring, slik at du får ein trygg start, og gir deg moglegheit til fagleg utvikling gjennom heile arbeidskvardagen.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5093816689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Toril Førland

Funksjonsleiar

+47 99009179

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b85a26f6-ce8c-43b4-8b8c-eeee062ac0e2

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

888b8c1d5925483ab3644959db0d6ed8

Lignende annonser

Laster lignende annonser