Spesialsjukepleiar
Avdeling for eldremedisin, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiarstilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. mai
Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?
Hos oss møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Det krev både fagleg tryggleik, godt samarbeid og evne til å sjå mennesket bak sjukdommen. Arbeidsdagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi lærer av kvarandre, finn løysingar saman og byggjer eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, humor og fagleg styrke.
Stillinga er knytt til avdeling for eldremedisin og gir deg ein variert kvardag med arbeid både på eldremedisinsk poliklinikk og sengepost i alderspsykiatri. Om lag 70 % av stillinga er på poliklinikk og 30 % på sengepost, med arbeid kvar tredje helg.
Vi legg til rette for fagleg utvikling og er positive til vidareutdanning der det er mogleg.
👉 Takk for at du tok deg tid til å lese om stillinga. Kjenner du at dette kan vere noko for deg, håpar vi du sender oss ein søknad.
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du mellom anna være med på:
- utgreiing, behandling og observasjon av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette behov
- oppfølging av pasientar både i poliklinikk og på sengepost i alderspsykiatri
- bidra til gode pasientforløp og trygge overgangar i samarbeid med kommunehelsetenesta
- bidra til fagleg deling og undervisning internt og i samarbeid med kommunane
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant vidareutdanning innan psykiatri fagfeltet.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Det er ein fordel med:
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er trygg og fagleg engasjert, og som held oversikta når arbeidsdagen er travel
- tek initiativ og bidreg til å finne gode løysingar saman med andre
- trivst i samarbeid og set pris på eit miljø der ein lærer av kvarandre
- likar å undervisa internt og ut mot kommunane
Personlege eigenskaper blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- fagdagar, kurs og simuleringstrening som styrkjer den faglege utviklinga di
- ei positiv haldning til vidareutdanning, med tilrettelegging for vidare utvikling
- ein variert arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost
- kollegastøtteordning og eit arbeidsmiljø der du ikkje står åleine
- eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, Avdelingsleiar, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5080219516
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b153f24e-0f94-4697-9ebf-94a5e6e80b5b
- Sist endret
22. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00ba156377f043dc9b55409d47d37c48