Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Psykosepoliklinikk, Haugaland DPS

Sted

Floravegen 75, 5535 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialister/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter Psykologspesialist / psykolog til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i utvikling.

Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake.
I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde. HDPS har to sengepostar; ein ordinær, samt ein der psykosepoliklinikken sitt behandlarteam er ansvarlege for eigne forløp i posten. Dette gjev særegent gode føresetnader for å skapa kontinuitet i behandlingsforløp.

Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper.

Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar, deler av stillinga kan bli knytta til arbeid i FACT. Psykosepoliklinikken driv omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.

Verksemda er lokalisert i både Haugesund, og i Haugaland DPS sine lokaler i Kopervik. 


Kva går jobben ut på?

  • Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling ved poliklinikken
  • Delta i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising internt og retta mot våre samarbeidspartnarar i kommunen
  • Deltaking i vaktlag/AAT kan vere aktuelt dersom det er ønskeleg
  • Arbeid på tvers av lokasjonane kan være aktuelt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har fagleg interesse og nysgjerrigheit
  • ønskjer å bidra til vidare fagutvikling lokalt
  • evner å arbeide sjølvstendig, men og samarbeide innad i team
  • har god struktur

Personlige egenskaper vil bli vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

  • Løn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF
  • 4 måneders utdanningspermisjon per 5 års periode for spesialister
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vi tilbyr spesialisering og legg til rette for vidareutdanning
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Louise Sandve, Funksjonsleiar, 90608613, louise.sandve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5035378783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Louise Sandve

Funksjonsleiar

90608613

louise.sandve@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f5eeab49-196a-4226-a639-8513a0e87a92

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e2b21312588a4d7f9690e9132569c2f5

Lignende annonser

Laster lignende annonser