Klar for spesialisering? Bli vår nye LIS3 i barne- og ungdomspsykiatri!
BUP Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering (LIS3)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Er du ein engasjert lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna 🌱
Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1.
BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper.
BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
- Delta i vaktordning for legar
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon
- Erfaring frå BUP er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må dokumentere bestått norsktest på B2-nivå (t.d. Bergenstesten), med mindre dei har fullført vidaregåande skule på norsk. Ved intern tilsetjing kan kravet fråvikast i særlege tilfelle.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har stor arbeidskapasitet
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- er kreativ, nytenkjande og nysgjerrig
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
- Arbeid i tverrfaglege team
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar | Overlege, +47 52732850Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar | Psykologspesialist, +47 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 52732850, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5095526615
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Marit Elisabeth Ness
Funksjonsleiar | Psykologspesialist
+47 52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar | Overlege
+47 52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
474c6af1-5b5d-487c-99aa-1851bc5e6dbd
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d0636566caa459ebeba566c4bc527a1