Lege i spesialisering - nevrologi (LIS 3)
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering - nevrologi (LIS 3)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. juni
Det er ikkje mange stader du får begge delar: breidda i faget og eit fagmiljø der du er meir enn ein i mengda. Her veit folk kven du er og kva du heiter, og vi legg til rette for eit gjennomført spesialistløp og vidare utvikling mot ei framtidig overlegestilling.
Nevrologi er eit fag med stor kompleksitet og få enkle svar, men òg eit fag i rask utvikling, der både forsking, behandling og pasientforløp er i endring.
Du vil arbeide tett på pasientar der små nevrologiske endringar kan få store konsekvensar for liv, identitet og funksjon. Du får tidleg reelt ansvar, rettleiing og brei klinisk erfaring. Avdelinga ligg i toppetasjen på eit nytt og moderne sjukehus i Haugesund, med rammer som støttar både fagleg fordjuping og godt samarbeid i kvardagen.
Kva går jobben ut på?
- Akutt vurdering, utgreiing og behandling av pasientar på sengepost, samt gradvis ansvar i poliklinikk.
- Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og vil ha tett samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sjukepleiarar.
- Du blir ein aktiv del av fagmiljøet og får bidra i internundervisning og faglege diskusjonar i avdelinga.
- Inngå i ei strukturert og oversiktleg vaktordning (8-delt vakt til stades), som gir brei erfaring og aukande ansvar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du har norsk autorisasjon som lege, har gjennomført LIS 1.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du ønskjer å spesialisere deg i nevrologi.
- Du trivs med tett og tillitsskapande pasientkontakt, samarbeider godt med kollegaer og trivs i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Du tek ansvar, viser initiativ, ønskjer å utvikle deg og er påliteleg.
Kvifor skal du velje oss?
Jamleg rettleiing, tid til fagleg fordjuping og god opplæring. LIS-utdanninga er strukturert og legg til rette for trygg progresjon gjennom spesialistløpet.
Livet utanfor arbeid betyr noko. Mindre avstandar og kø, gode bumoglegheiter, nærleik til natur og fritid. Du vil òg avspasera kvar 8. veke.
Hos oss får du ei bredde i pasientgrunnlag og ansvar som mange større sjukehus ikkje kan tilby. Det førar til ei bratt læringskurve og trygg klinisk utvikling.
Me er store nok til å gi deg eit solid fagmiljø og små nok til at du ikkje forsvinn i mengda. Du får tett oppfølging, blir sett pris på og får jamleg rettleiing frå erfarne spesialistar.
Du blir ein del av eit fagmiljø i utvikling med reelle moglegheiter for vidare karriere som overlege, òg eventuelt med akademisk tilknyting.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Haavik, Avdelingsleiar, eirik.haavik@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5128870116
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
404f6b48-e1a9-4f02-b174-5313316a6d0d
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d0d0c7ee1e014715b3d5287231af9919