Hopp til innhold

Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy?

Arbeidsgiver

Gastroenterologisk og nyremedisinsk post, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. april

Då er du velkommen til Gastro-nyre!

Hos oss møter du ein variert arbeidskvardag med høgt tempo og stor fagleg breidde. Vi pyntar ikkje på verkelegheita: Dette er ei stilling der du får brukt heile deg – og litt til. Her får du oppgåver som gir deg både meistringskjensle og god puls, og du blir ein del av eit lag som støttar kvarandre når det trengst.

Vi er ein positiv gjeng med mykje humor og låg terskel for å spørje kvarandre om hjelp. Klarer du å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong – og har lyst til å vere med og gjere arbeidskvardagen litt kjekkare for oss alle? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

👉 Klikk på søkjeknappen – vi har plass til deg på laget vårt.

Hos oss skjer det mykje dei neste åra. Når vi flyttar inn i nytt bygg våren 2027, blir fagområda gastro, nyre, endokrinologi og infeksjon samla på ein stad. Det gir deg ei spennande moglegheit til å vere med frå start, påverke arbeidskvardagen og byggje endå breiare erfaring som sjukepleiar.


Kva går jobben ut på?

Hos oss jobbar du tett på pasientane gjennom heile dagen. Du observerer, gjer faglege vurderingar og samarbeider med kollegaer, lege og andre faggrupper om behandling og oppfølging.

Du vil mellom anna:

  • følgje opp pasientar i ulike fasar av behandlinga
  • gjere observasjonar og faglege vurderingar
  • møte pårørande med informasjon og støtte når det trengst

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
  • trivst med å samarbeide tett med andre og støttar kollegaene dine
  • spør når du treng det, og stiller opp når andre treng di hjelp
  • likar å lære og utvikle deg i ein kvardag der mykje skjer

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • god og tilpassa opplæring, med fleire vakter saman med erfaren sjukepleiar både på dag og kveld
  • kollegaer å spørje og støtte deg på – du står aldri åleine med ansvaret
  • faste fagdagar i turnus og jamlege kurs som gir deg fagleg påfyll
  • eit arbeidsmiljø med mykje humor og låg terskel for å spørje kvarandre om hjelp
  • høve til å vere med og påverke oppbygginga av ny sengepost fram mot flytting til nytt bygg i 2027

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Emberland, Funksjonsleiar, +47 41635091, anne.emberland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5105657268
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 01.07.2027
Søknadsfrist: 22.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Emberland

Funksjonsleiar

+47 41635091

anne.emberland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4dd46be3-01c2-43b8-9e30-6bb2c6f624cb

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f070129ed3bf45c6a0947236b6bf811d

Lignende annonser

Laster lignende annonser