Hopp til innhold

Vi søkjer ei trygg og omsorgsfull sjukepleiar til natt! 

Arbeidsgiver

BUP Haugesund, Helse Fonna HF

Sted

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - nattevakt
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼

Vi har no ledig ein 50% fast stilling som sjukepleiar, som for tida er knytta til natt.

Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.

Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer 💙 Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.

Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter ein ny kollega som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.

 👉 Høyres detta spennande ut, ser vi fram til å motta din søknad! Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt på e‑post eller telefon.


Kva går jobben ut på?

  • Bidra til tryggleik og kontinuitet for pasientane gjennom natta, med fokus på ro, omsorg og tilgjengelegheit.
  • Sikre gode observasjonar og dokumentasjon.
  • Medverke i vurderingar, utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
  • Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid, inkludert vaktbytte før og etter vakta.
  • Vere ein del av beredskapen saman med legane i vaktlaget ved akutte hendingar om natta.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Vi søkjer sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, psykisk helsevern og rusomsorg er ønskjeleg.
  • Vidareutdanning innan feltet kan vere ein fordel.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ansvarsbevisst
  • er pasientorientert
  • har gode samarbeidsevner
  • viser fleksibilitet og er open for endringar
  • viser engasjement og nysgjerrigheit for faget

Personlege eigenskaper vert vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • God opplæring og blir tatt godt imot.
  • Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, medlemsskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar | Overlege, 52732850
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar| Sjukepleiar, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, + 47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5099022694
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f709a15a-7269-4187-999d-15fc8c55beb7

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f3cd34e63ef34aa0abd67094718bf299

Lignende annonser

Laster lignende annonser