Spesialsjukepleiar / sjukepleiar med engasjement for barne- og ungdomspsykiatri?
BUP Haugesund - Haugesund Sjukehus
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/ Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼
Vi har no ei ledig fast 100% stilling som psykiatrisk sjukepleiar i tredelt turnus, med hovudsakleg dag- og aftenvakter, samt nokre nattevakter i døgnposten. Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter kandidaten som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.
👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Vil du vite meir? Kontakt oss på telefon eller e-post.
Kva går jobben ut på?
- Tryggleik og tett oppfølging av pasientar som er innlagde.
- Medverke i utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid og teammøte.
- Vere ein del av beredskap ved akutte situasjonar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Vi søkjer sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- Vi legg vekt på god klinisk vurderingsevne, evne til å handtere komplekse og uforutsigbare situasjonar, samt tryggleik i møte med pasientar i akutte kriser.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som ikkje er nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på nivå B2. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå psykisk helsevern og rusomsorg, gjerne frå psykiatrisk sengepost.
- Vidareutdanning innan psykisk helse/rus.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tar ansvar og er trygg i rolla di.
- er til stades for pasienten.
- har evne til å snu deg raskt når dagen ikkje blir som planlagt.
- er ein lagspelar og bidreg til eit trygt miljø.
Personlege eigenskapar som passar godt i møte med barn, unge og familiar vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- God opplæring og blir tatt godt imot.
- Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
- Høgt fagleg nivå.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, medlemsskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, +47 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, + 47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5142681759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Marit Elise Lier
Funksjonsleiar
+47 52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
+47 52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
748207ef-adb0-4da9-97dd-7d3892800324
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b2851c29e3fc4687a5b81a10f27d58ab