Hopp til innhold

Klar for spesialisering? Bli vår nye LIS3 i barne- og ungdomspsykiatri!

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Er du ein engasjert lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)?

Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1.

BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.

Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper.

BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0--18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/

Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1.
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har stor arbeidskapasitet
  • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • er kreativ, nytenkjande og nysgjerrig

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
  • Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ccd1ba48-57ab-4074-93fd-39ea902fc60b

Sist endret

23. juli 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

470394946

Lignende annonser

Laster lignende annonser