Få erfaring frå BUP mens du venter på LIS1!
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege "LIS0"
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. september
Venter du på LIS1? Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn, ungdom og familiar? Kva med ei stilling som "LIS0" ved BUP Haugesund? 🌻
Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjend med faget før vidare spesialisering. Du får verdifull klinisk erfaring som kjem godt med, uavhengig av kva spesialitet du vel etter LIS1. Samtidig får du innsikt i eit spennande fagfelt der relasjonar, utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt.
Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP
📞 Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e-post. 👉 Søk no – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- er nysgjerrig på menneske, relasjonar og psykisk helse
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og spør om råd eller støtte når du treng det
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.
Andre gode grunnar til å velje oss:
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
Malin, som er lege ved BUP Haugesund, fortel:
"Eg elskar jobben min! Det er fantastisk å jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for å leike, herje, tulle og tøyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for å kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljø i særklasse som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet når eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!"Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5167956453
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
+47 52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e5b96f9e-7ae0-4440-8a28-e23cd5ce4a5a
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8644917e74e45388caf36299da9f19a