Vi søkjer Sjukepleiarar på Psykosepost 2
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Er du sjukepleiar og ynskjer ein meiningsfull jobb med varierte arbeidsoppgåver?
Vi har tre ledige, faste 100 % stillingar ved Psykosepost 2 i Haugesund. I tillegg har vi ledig eit 100 % vikariat frå snarast og til og med august 2027.Hos oss er det 8 sengeplassar som er knytta til psykosepoliklinikken, FACT og ACT teamene, og du blir ein del av eit sterkt fagleg team med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Miljøterapeutisk arbeid står sentralt i behandlinga, der blant anna turgrupper, svømming og musikkterapi er noen av aktiviteta vi tilbyr.
Vår pasientgruppe kan ha svært samensatte problemstillingar med både psykiske og somatiske helseutfordringar der eit heilhetleg blikk er vesentleg.
Som sjukepleiar hos oss vil du kunne gjere en forskjell!
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus og dekkjer kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Våre avdelingar ligg sentralt i Haugesund og på Karmøy.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no og bli med på laget vårt! 🙌
Kva går jobben ut på?
- Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, og du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande i saman med andre medarbeiarar.
- Ansvarsvakt og medisinansvar
- Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar
- Opplæring og rettleiing av studentar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø
- Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Tord-André Stokka Kåven, Funksjonsleiar, 47880627, tord-andre.stokka.kaven@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5113169002
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58110c24-2ffb-4479-b6be-0399efc2dfb4
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a567821f1aa7401a8a03f68b65061a29