Bli vår nye spesialist i barne- og ungdomspsykiatri!
BUP Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Vil du bidra til å utvikle framtidas barne- og ungdomspsykiatri? 🌱 Hos oss får du som overlege høve til å gjere ein reell forskjell for barn og unge… og du får med eit inkluderande arbeidsmiljø på kjøpet.
BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Avdelinga er òg godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega 💙 Vi er om lag 56 behandlarar, inkludert 8 overlegar og 7 legar i spesialisering. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med høg kompetanse, stort engasjement og god lagkjensle.
Er du spesialisten som kombinerer fagleg kompetanse med varme og nysgjerrigheit? Då passar du hos oss.
👉 Søk no for å bli med på laget!
Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom frå 0 til 18 år (pasientforløp).
- Kontakt med og rettleiing av foreldre og instansar rundt barn og unge.
- Deltaking i bakvaktordning for legar.
- Rettleiing av LIS, undervisningsoppdrag, rettleiing av studentar og anna helsepersonell.
- Vere ansvarleg spesialist for ikkje-spesialistar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Dokumentert norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan barne- og ungdomspsykiatri.
- Gode kunnskapar i norsk er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring på norsk, må som minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing av ein som allereie er fast tilsett i føretaket, kan ein i særlege tilfelle gjere unntak frå kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
- Erfaring med relevante IKT-system er ønskjeleg, særleg DIPS, Meona og Microsoft 365.
- Erfaring med vedtaksarbeid.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid i BUP.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Er pasientorientert og engasjert.
- Er god til å samarbeide og til å dele kunnskap med andre.
- Er strukturert, og trivst med å arbeide sjølvstendig og i høgt tempo.
- Er god til å tenkje nytt, finne løysingar og omstille deg raskt når det trengst.
- Har god gjennomføringsevne og tek ansvar.
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring.
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Regelmessig internundervisning.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Sosiale aktiviteter som felleslunsj.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar | Overlege, 52732850Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar | Psykologspesialist, 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, 52732850, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5095618243
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Marit Elisabeth Ness
Funksjonsleiar | Psykologspesialist
52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar | Overlege
52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ece370ee-68bd-44df-99cd-1e87f69776c1
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
430da66e0ce54a65a527b6269acf0da6