Hopp til innhold

Vi søker Psykolog/Psykologspesialist i poliklinikken - bli med på laget!

Arbeidsgiver

BUP Haugesund sjukehus

Sted

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. april

Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere den vi leiter etter!

Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar dag.

No har vi ei ledig stilling som psykolog eller psykologspesialist i 100 % stilling ved poliklinikken.

Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.

Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.

Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum
Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe.

Trivsel og fagleg utvikling
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre.
Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom:

🍽️ Felleslunsjar - der vi samlast og bygger gode relasjonar
📚 Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling
💪 Lunsjtrening - for å fremje både fysisk og mental helse
🌟 Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman


Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb! 👉 Søk i dag – vi gler oss til å møte deg!

Ring gjerne til funksjonsleiarar Ingrid Hagen Vika eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga.


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som psykolog, eventuelt med spesialistgodkjenning.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Har evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
  • Er god til å bygge trygge, støttande og tillitsfulle relasjonar til barn og unge.
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Er kreativ, nytenkjande og fleksibel.

Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen. 

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Moglegheit for kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe.
  • Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.

Litt om oss
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). 

Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team. 

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar | Overlege, 52732850
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar | Psykologspesialist, 52732850
Ingrid Hagen Vika, Funksjonsleiar | Psykologspesialist, 98829429
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, 52732850, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5098135824
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gabrielle Leah Dickson

Konsulent

52732850

gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no

Ingrid Hagen Vika

Funksjonsleiar | Psykologspesialist

98829429

Marit Elisabeth Ness

Funksjonsleiar | Psykologspesialist

52732850

Georg Walter Reinhardt

Avdelingsleiar | Overlege

52732850

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2642b6f8-a982-4dbb-a3f1-cada914d78db

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

94111b95772248d09df39904f8aa33e2

Lignende annonser

Laster lignende annonser