Barnehagelærar, 20% vikariat og pedagogisk leiar, 20% vikariat
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing 20% vikar barnehagelær./20% vikar ped.leiar 26/27
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. juli
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig fylgjande stillingar:
- 20% vikariat som barnehagelærar for barnehageåret 2026/2027
- 20% vikariat som pedagogisk leiar frå 24.08.2026 - 31.05.2027
Skriv i søknaden om du ynskjer å søkje på begge stillingane samla, eller berre på ein av dei.
Eining Eivindvik barnehage og skule er gode på å bruke naturen og elles nærområde i sitt pedagogiske opplegg. Dagsturhytta er, til dømes, flittig brukt av både små og store. Drøymer du om ein jobb der du får bety noko for andre – kvar einaste dag? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss!
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for barnehagelærar/pedagogisk leiar
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Ann Norunn Leknes
Avdelingsleiar barnehage ved eining Eivindvik barnehage og skule
+4794809967
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
79acdb8b-3d1c-4f8b-a9fb-52d62187a6ef
- Sist endret
29. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10301784