Hopp til innhold

Engasjerar du deg for kvinnehelse og vil jobbe som jordmor?

Arbeidsgiver

KK God start Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Jordmor Lærdal sjukehus
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

KK God start Lærdal sjukehus søkjer jordmor i 80% fast stilling. 

Er du engasjert i svangerskap, kvinnehelse og barsel? Ønskjer du å være ein del av eit nytenkjande, heilskapleg jordmorteam? Då er dette stillinga for deg!

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for kvinnehelse og ein trygg og god oppfølging gjennom svangerskap, fødsel og barsel. Vi tilbyr eit allsidig og spennende arbeidsmiljø der du kan gjere ein viktig forskjell for kvinnehelse. Avdeling med høg kompetanse søker etter ein ny medarbidar som vil bidra inn i God Start. Dette er ei spennande stilling og du får vere med å utforme arbeidsdagen din. 

Om God Start-eininga
God start er ein del av Kvinneklinikken i Helse Førde med heilskapleg tilnærming til kvinnehelse gjennom heile livsfasen. Vi jobbar tett saman for å sikre god kvalitet av helsetenesta for mødre, den nyfødte og den nye familien. God Start LSH tilbyr barselomsorg, følgeteneste for gravide samt poliklinikk for gravide/barseltid og barn. Avdelinga samarbeider tett med helseforetaket og kommunar for vidareutvikling av høg kvalitet av tjenester vi tilbyr. 

Arbeidsstaden er i Lærdal med eit triveleg arbeidsmiljø med høg forankring i fagleg innhald og nytenking. 


Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og rettleiing av nybakte foreldre
  • Jordmorfagleg ansvar for følgetenesta
  • Jordmorfagleg ansvar for poliklinikk for mor og barn
  • Jordmorfagleg ansvar for svangerskapsomsorg
  • Dataverktøy knytt til avdeling
  • Nødfødestove
  • Bidra til kvalitet- og pasientsikkerheitsarbeid og fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå jordmorfaget er ein fordel, men det er ikkje eit krav
  • Tilleggskompetanse innan helse, vidareutdanning eller anna vil bli vektlagt, men er ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom fagdagar, kurs og hospitering etter ønskje 
  • Turnus tilpassa den ansatte
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Pendlarbustad 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingeborg Einemo Frøysland, Seksjonsleiar God Start Barsel LSH, (+47) 57 64 02 00

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6887 LÆRDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5010803222
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 01.12.2025

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

798bed86-4dda-4823-9b1e-074cdaab9aa8

Sist endret

2. oktober 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

c2311677553b4615ac725fe0c3a2690d

Lignende annonser