Hopp til innhold

Er du fagleg oppdatert og ynskjer å utvikla deg vidare?

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Pleie og omsorg

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Fulltid sjukepleiar stilling ved sjukeheim/ KAD, med mykje nattevakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu og omsorgsheim. I samband med dette søker me ny dyktig, sjukepleiarar til 100% fast stilling med mykje nattevakter. 

KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatte innlegging i sjukehus.

Stillinga inneber mykje nattevakter, arbeid kvar 3 helg, med mogelegheit for  langvakter og samla fri. Årsturnus.

Du vil arbeide i team saman med helsefagarbeidar på natt, der du har det sjukepleiar faglege ansvaret for pasientane på både sjukeheimen og KAD seng.

Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk oppfølging, for å avdekke forverring av tilstand hjå pasienten, samt gode evner til å iverksette rette tiltak.

Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring :Medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.

Om arbeidsgjevaren:

Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!

Samlokalisert med heimesjukepleien. Heimesjukepleien yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 teneste mottakarar rundt om i bygda.

Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!

Er dette deg?
  • Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
  • Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
  • Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
Hjå oss får du:
  • Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
  • Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
  • Støttande leiing
  • Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd 
Kva kvalifikasjonar krev me?
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førerkort klasse B
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
  • relevant erfaring vert vektlagd 
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
  • Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter  for vidareutdanning
  • Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
  • Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Toril Grøthe

91360633

toril.torvi@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1ff0bc9d-4c09-4fca-a990-6fade8691491

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3592527_228185_nn

Lignende annonser