Hopp til innhold

Sjukepleiar institusjonstenester

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar institusjon
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 3. mars

Om stillinga

Me har ledig eit vikariat i 100% stilling som sjukepleiar ved institusjonstenester frå 16.03.26 - 16.11.26. 

Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, kortid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Vi har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

Institusjonstenester organisert under  kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen. 

Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.


Arbeids- og ansvarsområde

  • varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
  • faglege oppgåver som: medikamenthandtering, lindrande behandling, kateter, sårstell og miljøarbeid
  • observasjon og behandling
  • vurdering og kartlegging av behov
  • gjeldande dokumentasjons-system er  Profil, me planlegger overgang til Visma Flyt helse medio mars
  • registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
  • rådgjeving og rettleiing av kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
  • tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, lege og samarbeidspartnarar

I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.

 


Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • kr 35 000 høgare årsløn i lokal lønsstige
  • ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ tariffløn kr 10 pr. time)
  • minimum 6 år tilleggsansiennitet
  • funksjonstillegg til praksisrettleiar 
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 
  • hjelp til å skaffe bustad 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • Du bør kommunisere, og snakke, godt norsk med minimum språkkrav B2

 


Personlege eigenskapar

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søker deg som:

  • er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • tek initiativ
  • og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • har godt humør, er til å stole på, og er engasjert.  

Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje 
  • Innbakt heimevakt i turnus med planlagt fri. Eventuell ekstra heimevakt vert løna 1/3 
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato må vere levert, og vurdert, før du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Kontaktpersoner for stillingen

Tunde Nesbø

stab / tilsetting helse og omsorg

+4795984626

tunde.maria.nesbo@aurland.kommune.no

Ingrid Finden Bekkedal

avdelingsleiar institusjonstenester

+4795984639

ingrid.finden.bekkedal@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

23a7feca-16d3-4225-9468-c1a568e9b527

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10281734

Lignende annonser