I denne stillinga får du rekrutteringstilskot på 60 000 kr med to års bindingstid
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ KAD
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Om stillingaLærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar, KAD-senger ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Stillinga vil ha ansvarsvakter knytt til KAD-posten, samt sjukeheimsavdelinga.
Du vil arbeida i team, saman med andre sjukepleiarar/vernepleiarar. Me jobbar for å rigga sjukepleiartenesta i team og reindyrka sjukepleiaroppgåvene, for å sikra rett kompetanse til rett oppgåve.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rett tiltak. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Om arbeidsgjevaren:Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttids- og 18 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio-/ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!
Samlokalisert med heimesjukepleia. Heimesjukepleia yt tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og cirka 70 teneste mottakarar rundt om i bygda.
Me er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!
Er dette deg?- Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67b5f4fb-1cfb-4f41-aee2-ff5c4984a6ca
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3592567_228185_nn
Lignende annonser
Fulltid sjukepleiar stilling ved sjukeheim/ KAD, med mykje nattevakt
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal
Fysioterapeut nærvær - prosjektstilling
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Helse og omsorg
Sted
Lærdal