Er du utdanna barnehagelærar eller ønskjer du å bli det?
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% fast stilling som barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å jobbe med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjera Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling.
Er du utdanna barnehagelærar, snart ferdig utdanna, eller ønskjer du å bli ein? Då har du ei unik moglegheit hjå oss.
Gjennom nasjonale rekrutteringsordningar har me moglegheita til å legga til rette for å ta desentralisert- eller arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning samtidig som du arbeider hjå oss.
Les om dei ulike ordningane her:
Arbeidsplassbasert barnehagelærerutdanning | udir.noBarnehagelærer | arbeidsplassbasert | Bergen - Høgskulen på VestlandetBarnehagelærer | deltid - Høgskulen på VestlandetVed ei slik ordning vil arbeidsgjevar legge til rette for at du får delta på utdanningssamlingar og gjennomføre praksis, mot ei binding på to år ved fullført utdanning. Du arbeider i 80-100% stilling i Lærdalsøyri barnehage samstundes som du tek utdanninga.
Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.
Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.
Ønskjelege kvalifikasjonar:- Barnehagelærarutdanning – eller ønskje om å starte på denne utdanninga
- God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
- Observasjons-, vurderings- og dokumentasjonsarbeid knytt til enkeltbarn og barnegruppa
- Gjennomføring av foreldresamtalar
- Samarbeide tett med pedagogisk leiar om organisering av avdelinga
- Stadfortredar for pedagogisk leiar
- Dersom du har påbegynt barnehagelærarutdanninga må du rekna med å bli konstituert som barnehagelærar dersom me ikkje lykkast med å nå pedagognorm
- Andre arbeidsoppgåver må påreknast
- Ein variert arbeidskvardag
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
- Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
- Moglegheiter for å ta barnehagelærarutdanning
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ca6b51e-777e-44dc-9a0e-cfbfafd6a22d
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3598487_228191_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Sted
Lærdal
100% fast stilling som pedagogisk leiar i Lærdalsøyri barnehage
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal
To faste heiltidsstillingar som barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal