Me søkjer engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar til avdeling for personar med demens. Vikariat fram til og med 12.01.27
Etne kommune Pleie og omsorg
Holmavegen 30, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 80% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Me i Etne kommune søkjer engasjerte og pålitelege medarbeidarar til stillingar innan pleie og omsorg.
Me har behov for nye helsefagarbeidar til demensomsorg. Hos oss får du moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til brukarar som treng støtte, tryggleik og omsorg. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, der vi saman jobbar for å gi brukarar ein verdig og meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og omsorg
- Handtere og bruke velferdsteknologiske løysingar og hjelpemiddel i det daglege arbeidet
- Samarbeide tett med pårørande, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og andre relevante fagpersonar
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Vere ein positiv bidragsytar til eit godt og inkluderande miljø, både for bebuarar og tilsette
- Yte heilskapleg pleie og omsorg
- Handtere og bruke velferdsteknologiske løysingar og hjelpemiddel i det daglege arbeidet
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid innan pleie og omsorg er ein fordel
- God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Eigenskapar
- Trygg og sjølvstendig
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- Fleksibel og lærevillig
- Gode samarbeidsevner og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Personleg eigenskap vert vektlagt
Me tilbyr
Eit inkluderande, støttande og engasjert arbeidsmiljø. Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i møte med ulike brukargrupper.
God opplæring og støtte i oppstart og undervegs
Moglegheit for fagleg utvikling og deltaking i utviklingsarbeid. Gratis parkering i parkeringsanlegg. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar.
Annan informasjon
Stillinga er vikariat 80% til og med 12.01.27 med moglegheit for forlenging.
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda har både kommunale og privat barnehage.
- Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske.
- Det er kort avstand til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg
- Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper -eige treningssenter, velværetilbod og fysioterapi - oppvarma badebasseng i Skånevik
- Godt servicetilbod til hotell og matservering Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest.
Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkolinkontroll og status MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysningar om dette, ta kontakt med helsestasjonen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
738e9ec2-add4-41de-a804-903b5a0773d2
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635031_213991_nn