Hopp til innhold

Er du ein sjukepleiar som ønskjer å vere del av eit godt fagmiljø og eit inkluderande arbeidslag? Då vil me høyre frå deg!

Arbeidsgiver

Etne kommune Pleie og omsorg

Sted

Holmavegen 30, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 80 og 90% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. juli

Me er ei avdeling med 20 institusjonsplassar, fordelt på korttids- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi pasientane våre trygge og gode tenester av høg kvalitet. Hos oss vil du møte eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg engasjement. Me er eit lag som heiar på kvarandre og spelar kvarandre gode.

Stillingane inngår i turnus med arbeid i ordinære vakter, med arbeid kvar tredje helg. Eller lagvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar 
  • Planlegging og gjennomføring av behandling og pleie
  • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Det er ein fordel med relevant erfaring, men ikkje eit krav

Eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og ansvarleg
  • Du er fleksibel og samarbeidsvillig
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg utvikling

Annan informasjon

Har du spørsmål om stillingane - ta gjerne kontakt.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anita Gravelsæter Melkeraaen

+47 40 40 94 44

Anita.Gravelsaeter@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79b52322-ef84-4d92-9600-7e7bc57ff231

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639129_213991_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser