Vil du vera med å løfta kvardagen for andre?
Etne kommune Pleie og omsorg
Holmavegen 30, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling 20% i pleie og omsorg
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Vil du vere med og skapa trygge og gode dagar for andre, samstundes som du får verdifull erfaring innan pleie og omsorg? Vi søkjer etter ein engasjert og påliteleg medarbeidar i 20 % helgestilling. Hos oss blir du ein viktig del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der vi samarbeider for at kvar brukar skal få ei omsorgsfull og verdig teneste.
Arbeidsoppgåver
- Personleg stell og hygiene
- Hjelp til måltid og medikamenthandtering etter fullmakt
- Praktisk bistand som rydding, klesvask og tilrettelegging i heimen
- Skape tryggleik, struktur og ro for bebuarar med demens
- Aktivisering og sosialt samvær, til dømes turar, aktivitetar og samtalar
- Observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre tenester for å sikra heilskaplege og gode pasientforløp, både på sjukeheim og i heimetenesta
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid i sjukeheim, demensomsorg eller heimetenester er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Generelt god digital kompetanse og evne til å tileigne deg gjeldande fagsystem
- Arbeidssom, påliteleg og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner, strukturert og målretta
- Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Eigenskapar
- Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, med god framdrift i arbeidet
- Trivst i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Me tilbyr
- Studentavtale for sjuke- og vernepleiarar
- Fleksibel turnus, der delar av stillinga kan planleggjast ut frå eige behov
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Fokus på kvalitet og utvikling
- God opplæring
- Gratis parkering i parkeringsanleg
Annan informasjon
Ved å bli ein del av vårt team vil du ikkje berre bidra til å gi god omsorg og støtte til våre tenestemottakarar, men òg oppleva ei meiningsfull karriere med rom for fagleg og personleg utvikling. I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter,velvære tilbod og fysioterapi. Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ddf4006-e8ea-4b7b-9666-96d70fbd3392
- Sist endret
2. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3643539_213991_nn