Hopp til innhold

Tilkallingsvikar - Reinhald

Arbeidsgiver

Ørsta kommune

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsikar - reinhald
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Ørsta kommune søkjer etter tilkallingsvikarar til avdeling reinhald. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel, ved sjukdom eller anna fråvær. 
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til avdelingsleiar. Tilsettinga skjer fortløpande.

Behovet for tilkallingsvikarar gjeld på bygg både på Vartdal, Sæbø og i Ørsta sentrum. Vi ber difor om at du i søknaden skriv kvar du kan arbeide.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
  • Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel - både på dagtid og kveld. Opplæring vert gitt
  • Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men erfaring frå reinhald er ønskjeleg
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Kan arbeide sjølvstendig
  • Har gode evner til samarbeid
  • Er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
  • Er engasjert og løysingsorientert 

Vi tilbyr

Som tilkallingsvikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.

Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette.  Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Stillingane er plassert i kap. 4 gr. 1

Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
 

Kontaktinformasjon

Agnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 95 04 63 69, agnieszka.papierska@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5090792066
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Agnieszka Papierska

Avd.leiar reinhald

95 04 63 69

agnieszka.papierska@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

736cee2f-7d98-4081-baea-ecdc1416260c

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0aed82e66e67489e9fceaf0fba84a6b2

Lignende annonser

Laster lignende annonser