Hopp til innhold

Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 25-26

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Sted

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 25/26
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 20. juni

Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for assistentar, fagarbeidarar og miljørettleiarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2025/2026.

Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.


Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.


Aktuelle skular:
Dalane skule: 41 86 43 20
Hovden skule: 91 42 84 76 
Sæbø skule: 47 66 83 79  
Vartdal skule: 99 28 69 99  
Velle skule: 46 92 65 82
Vikemarka skule: 700 47 700  
Ørsta opplæringssenter: 700 45 300
Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71

Kvalifikasjonar

Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyr

Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.



Kontaktinformasjon

Pål Einar Brekke, Rådgjevar

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4990093166
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 20.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Pål Einar Brekke

Rådgjevar

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4db744cd-65e0-48c1-ba1e-a117138bcb3d

Sist endret

29. september 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

fd276f19ba2d4a91a084539e4a7ffc2e

Lignende annonser