Tilkallingsvikar i barnehage - barnehageåret 2025/2026
Ørsta kommune
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar i kommunale barnehagar 25-26
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage.
Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2025/2026.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde styrar.
Aktuelle barnehagar:
Barnas Vel barnehage (Tlf. 976 35161)
Dalane barnehage (Tlf. 902 66822)
Hovdebygda barnehage (Tlf. 480 05745)
Rystene barnehage (Tlf. 971 01421)
Sæbø barnehage (Tlf. 468 01495)
Vartdal barnehage (Tlf. 480 86125)
Kvalifikasjonar
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, RådgjevarArbeidsstad
Ivar Aasen-gata 106150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4990102400
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Pål Einar Brekke
Rådgjevar
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
368bc9f5-769a-4580-89f5-ebb1495c6ed3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0d17649f5ff64c5e8d9ecbce71f8e581