Hopp til innhold

Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage

Arbeidsgiver

Volda kommune, Avdeling barnehage

Sted

Stormyra 2, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage
Oppstart
29. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2025/2026.
 
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år.

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik kan variere etter behov.

Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

 

Aktuelle barnehagar:

Austefjord barnehage: 90 47 46 12 

Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83

Engeset barnehage: 94 79 09 65

Folkestad barnehage: 47 50 47 87

Hornindal barnehage: 97 96 24 24

Lauvstad barnehage: 47 50 34 18

Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90

Oppigarden barnehage: 46 88 33 22

Kvalifikasjonar

I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling.

Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyr

Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Bodil Brautaset, avdelingsleiar barnehage, +47 91194598, Bodil.Brautaset@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5067882414
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 29.01.2026
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Bodil Brautaset

avdelingsleiar barnehage

+47 91194598

Bodil.Brautaset@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18ace516-564d-4c43-beb5-54617449a318

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6c19a26df21e406f8672afce2e54672d

Lignende annonser