Hopp til innhold

Tilkallingsvikar på Kaihuset ungdomshus og Open møteplass - Skuleåret 2025/2026

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Sted

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar på Kaihuset ungdomshus og Open møteplass
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 20. juni

Ørsta kommune har fleire gode lågterskeltilbod til uorganisert born og ungdom. Tilboda vert nytta av born og ungdom frå 4.trinn og opp til VGS.

Kommunen søkjer no etter tilkallingsvikarar til desse tilboda. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel, ved sjukdom eller anna fråvær. 

Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til tenesteleiar. Tilsettinga skjer fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med born og unge frå 4.trinn og opp til VGS
  • Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel

Dei aktuelle tenestestadane er:
- Kaihuset - ungdomshus med tilbod for ungdom i alderen 8.trinn til 18 år. Opningstid på kveldstid.
- Open møteplass - eit ettermiddagstilbod i Ørstahallen, kvar vekedag etter skuletid (13:30/14:30-17:00)

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11

Personlege eigenskapar

  • Du har høg relasjonskompetanse
  • Du trivast i samspel med born og ungdom
  • Du bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust barne- og ungdomsmiljø i Ørsta
  • Du er ein god rollemodell og ein trygg og god vaksenperson
  • God i norsk, særleg munnleg
  • Stabilitet og personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane. Referansar vert nytta

Vi tilbyr

Stillingane er plassert i kap. 4 gr. 1

Arbeidsavtalane i samsvar med gjalden lov, forskrift og avtaleverk.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk

Dokumentasjon 
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Hans Robert Bondhus, Tenesteleiar, 952 20459, hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5007684192
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 20.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hans Robert Bondhus

Tenesteleiar

952 20459

hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0e0f237-4927-4b96-a8f3-e62d78d93d45

Sist endret

26. september 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

5650a0f65bf84c01b1d03391f4476f32

Lignende annonser