Hopp til innhold

Off. godkjent helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Heimetenester, Ørsta kommune

Sted

Dalevegen 24, 6153 Ørsta

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar, Heimetenester
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig stillingar for helsefagarbeidar. Andre med anna relevant helsefagleg utdanning kan også verte vurdert for stillinga. Har du allereie starta på ei helsefagleg utdanning kan søknaden din bli vurdert. 

Vi har ledig desse faste stillingane i heimetenesten: 
1x60 % stilling 
2x50 % stilling 
1x20 % stilling på helg 
Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på. 

Vil du vere med å forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og  hektisk kvardag. Med oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med  høg fagleg kvalitet. I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med ulike samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrke  brukarane sine eigne ressursar for at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. 

Vi satsar på di utvikling !
Du får nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.

Fleksibel turnus - trygt arbeidsmiljø
Med oss kan du jobbe langvakter både på helg og i vekene. Det vil gi deg ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer på vakt. Vi er ei teneste  i utvikling som tilpassar oss framtidas behov for å sikre gode helsetenester. Vi  jobbar fleire timar på helg, etter behov i tenesta. Det kan vere med å gi deg gode friperiodar. 
Vi søkjer etter ein medarbeidar med engasjement, godt humør og vilje til å bidra til vårt gode fellesskap, og til å vidareutvikle ei bærekraftig teneste for framtida.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Fokus på førebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift   
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Rettleing og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar. Andre med anna relevant helsefagleg utdanning kan også verte vurdert for stillinga
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • arbeider målretta og strukturert 
  • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • er engasjert og løysingsorientert
  • søkjer faglege utfordringar
  • tek initiativ og ansvar 
  • er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar. 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
  • Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar

    Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1- fagarbeidarstilling

    Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

    Prøvetid
    Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

    Intern søkjar
    Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
    Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Dalevegen 24
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5056722952
    Stillingsprosent: 60, 50, 20%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.02.2026

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    72a25248-18e7-485a-b1d8-0de86a55a7cc

    Sist endret

    23. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    3d808606b9044ef0be5f523dc2d88773

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A

    Sted

    Gurskøy