Hopp til innhold

Prosessleiar/lærar Helse- og oppvekstfag

Arbeidsgiver

Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Holmegata 14, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Prosessleiar/lærar Helse- og oppvekstfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vi søkjer inntil to prosessleiarar som skal ha hovudansvar for oppfølging og vurdering av vaksne deltakarar som deltek i modulstrukturert opplæring for vaksne, og som skal ta fagbrev som helsefagarbeidarar. Stillinga kan kombinerast med undervisning ved førebuande kurs for vaksne deltakarar som skal starte i opplæring, og/eller undervisning i programfag innan helsefag, om ein er kvalifsert til dette.

Arbeidsoppgåver

- Leie og koordinere teamet rundt enkeltdeltakarar i modulstrukturert vaksenopplæring - helsefagarbeidar.

- Vere nøkkelperson i samarbeidet mellom fylkeskommunen, bedrifter, samarbeidspartar og deltakarar i vaksenopplæring.

- Ha hovudansvaret for vurdering av modular i helsefag i samarbeid med rettleiarar og fagansvarlege i bedriftene.

- Førebu og gjennomføre oppfølgingsmøte med deltakarar og rettleiarar/fagansvarlige i bedriftene.

- Utarbeide opplæringsplan i samarbeid med leiar for VOV (vidaregående opplæring for vaksne).

- Delta i arbeidet med kartlegging av deltakarar og gjennomføre realkompetansevurdering.

- Rettleie og vere rollemodell for deltakarar i reelle pleie -og omsorgssituasjonar ute i praksisfeltet. 

- Delta i arbeidet med rekruttering av lærebedrifter/praksisstadar.

- Delta på og bidra i interne og eksterne møter.

- Fagleg oppdatering.

Kvalifikasjonar

- Relevant utdanning innan helsefag.

- Nyare relevant praksis frå pleie- og omsorgsfeltet vert vektlagt.

- Ønskeleg med erfaring frå organisering av opplæring.

- Ønskeleg med administrativ erfaring.

- Erfaring frå arbeid med fleirspråklege og utdanning innanfor minoritetsspråk vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

Vi ser føre oss deg som kan bringe fram det beste i kursdeltakarane, både fagleg og sosialt. Du set tydelege forventningar til, og motiverer kursdeltakarane.

Du er raus, genuint opptatt av faget, og er ein tydeleg vaksenperson med godt humør og eit positivt menneskesyn. Du må ha omsorgsevne, og kunne vere ein god rollemodell for kursdeltakarar som skal inn i pleie- og omsorgssektoren. Personlege eigenskapar som god struktur, gode samarbeidsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å bygge relasjonar er viktig for ein prosessleiar. 

Vi tilbyr

- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og yter kollektivt inn i arbeidet. 

- Stilling med variasjon mellom arbeidsoppgåver på skulen og ute i omsorgssektoren.

- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.

- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseheving for enkeltdeltakarar og arbeidsliv.

- Kurs og opplæring etter behov.

- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring gjennom KLP.

- Løn etter gjeldande avtaleverk.

 

Kontaktinformasjon

Ester Alnes Osnes, Avdelingsleiar VO, 97100834
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491

Arbeidsstad

Holmegata 14
6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5069301553
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Bjørnar Sæterås

Rektor

+47 47344491

Ester Alnes Osnes

Avdelingsleiar VO

97100834

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.

Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:

Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3626b31d-8561-4db1-9ace-0314e471dea0

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

61d246ac25354744a311a7f8795f3b72

Lignende annonser