Lærar helse- og oppvekstfag
Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holmegata 14, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar helse- og oppvekstfag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Har du eit stort fagleg engasjement, og ynskjer å jobbe med tilrettelegging og utvikling av andre si læring innan ditt fagområde? Ørsta vidaregåande skule har vi no ledig inntil 200% faste lærarstillingar innan helse- og oppvekstfag. Som lærar hos oss vert du del av eit variert og inkluderande læringsfellesskap. Her er det mange engasjerte fagfolk som brenn for fagleg utvikling, og for at alle elevane våre skal få det grunnlaget dei treng for å kome seg i gong i arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning inn mot vaksne deltakarar ved Ressurssenteret for Søre Sunnmøre innan helse- og oppvekstfag.
Har du i tillegg kompetanse som er relevant for å undervise innan andre fagområde ved skulen, kan dette vere aktuelt. Ved interne søkarar inn mot vaksenopplæring, kan det verte aktuelt med undervisningsoppgåver i den ordinær opplæringa vår på helse- og oppvekstfag. Her må den som vert tilsett også forvente å få oppgåver knytt til individuell tilpassa opplæring for elevar med særskilde behov, og tilrettelegging for fleirspråklege elevar.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan helse og oppvekst, som den som blir tilsett vil bli ein del av. Vi forventar at lærarar hos oss deltek aktivt i vidare utvikling av fagmiljøet, og bidreg på eige initiativ inn mot arbeidet. Dette inneber utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Vi vektlegg at kandidatar har relevant og oppdatert arbeidserfaring frå praksisfelt.
Skulen er svært opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, så alle får moglehgheit til å utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å tilrette for eleven si utvikling og læring er eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg-pedagogisk arbeid, som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar. Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har relevant utdanning innan helse- og oppvekstfag, og pedagogisk utdanning. Relevant og oppdatert erfaring frå praksisfeltet vil verte vektlagt.
- Relevant utdanning innan helse- eller oppvekstfag.
- Pedagogisk utdanning.
- Nyare relevant praksis frå pleie/omsorg eller oppvekstfeltet.
- Ønskeleg med erfaring frå organisering av opplæring.
- Kompetanse eller erfaring frå arbeid med fleirspråklege barn/ungdom/vaksne og/eller tilpassa opplæring vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha godesamarbeidseigenskapar, og kunne ta ansvar for den kollektive utviklinga av fagmiljøet. Du må kunne bruke praksiserfaringane dine til å lage realistiske og praktiske læringsarbeid for deltakarar og elevar. Du må ha gode relasjonsferdigheiter, og høge ambisjonar på vegne av deltakarar og elevar. Du må ha omsorgsevne, og kunne vere ein god rollemodell for deltakarar eller elevar som skal inn i pleie/omsorg eller oppvekst-sektoren. Du må vere ein tydeleg leiar i undervisninga, og som evnar å bygge gode og trygge læringsmiljø.
Vi tilbyr
- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.
- Stilling med stor grad av fleksibilitet og variasjon mellom arbeidsoppgåver på skule og ute i omsorgssektoren.
- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseuvikling i for enkeltdeltakarar og arbeidsliv.
- Kurs og opplæring etter behov.
- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Ester Alnes Osnes, Avdelingsleiar VO, 97100834, ester.alnes.osnes@mrfylke.noAnne Marit Bae, Avdelingsleiar HO, 48126285, anne-marit.bae@mrfylke.no
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491, bjornar.seteras@mrfylke.no
Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5069207435
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26e9c375-6c10-4ed6-b050-d38626bd98a7
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0ecef8ef9ff349ab8222fd80052b2f47
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ørsta
Helsefagarbeidar- vikariat Korttidsavdelinga
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Off. godkjent helsefagarbeidar, Heimetenester
Arbeidsgiver
Heimetenester, Ørsta kommune
Sted
Ørsta