Hopp til innhold

Helsefagarbeider

Arbeidsgiver

Helse og omsorg, Vanylven kommune

Sted

Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. mars

Vanylven Helse og Omsorgssenter, har ledig stilling i inntil 100% fast som helsefagarbeider.

Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!


Avdelinga har i dag totalt 18 langtidsplassar fordelt på to grupper. 


Som helsefagarbeider på avdelinga jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 


Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.


Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!

Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg eventuelt komprimert turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus noko som skaper forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. 

Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. 

Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ein meiningsfull kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver
  • Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner
  • Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane 
  • Sørge for god dokumentasjon. Vi bruker Helseplattforma.
  • Medikamenthandtering 
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
  • Sikre gode pasientforløp
  • Ta i bruk velferdstekologiske løysingar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeider/aut.hjelpepleier
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Godkjent politiattest
  • God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
  • Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg 
  • Effektiv fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
  • Positiv bidragsytar til eit godt arbeid

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Personleg egnaheit blir vektlagt 

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Spennande og variable kvardagar
  • Moglegheit for eigenutvikling
  • Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
  • Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5071819452
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Katrin Brekke Sunde

avdelingsleiar avd. 2

+47 70030221

Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b248e731-77c3-4de5-a221-f1f0ded7f94a

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

22d08f08f540428487872031ee8c08c3

Lignende annonser

Helsefagarbeidar ved Seljetunet omsorg og rehabilitering

Arbeidsgiver

Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune

Sted

Selje