Hopp til innhold

Helsefagarbeidar fast stilling ved Kingelveven verkstad og utsal

Arbeidsgiver

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar ved Kingelveven verkstad og utsal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du ein fagleg engasjert, og erfaren helsefagarbeider med ønskje om å gjere ein forskjell i kvardagen til menneskjer med nedsett funksjonsnivå?

Vi har ledig fast 100 % stilling frå snarast.

Kingelveven er eit dagtilbod som gir tilbod til menneske med nedsett funksjonsnivå der vi ønskjer å bidra til ein meiningsfull, lærerik og aktiv kvardag. Kommunen har stort fokus på tidleg innsats og førebyggande arbeid, og dagtilbodet er i ein utviklingsprosess der nye aktivitetar skal på plass.

Kingelveven har nyleg starta opp arbeidet med å utvikle et ASK-språkleg miljø, så det er ein fordel om du har kjennskap til ASK, men ikkje eit krav. Vi ønskjer derfor en person som kan være med på å utvikle tilbodet vidare og i rett retning. Vi søkjer deg som liker å tenkje nytt både for grupper og på individuelt nivå. Mykje av arbeidet vil ver tett oppfølging av enkelte brukarar.

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegge og leie meiningsfulle fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle aktivitetar ut frå brukarane sine individuelle behov.
  • Aktivt vere med å bidra til vidareutvikling av tilbodet ved Kingelveven.
  • Tverrfagleg samarbeid med personalet ved bufellesskapa og andre naturlege samarbeidspartnarar.
  • Delta i aktuelle ansvarsgrupper.
  • Bidra til planarbeid.

Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, men andre med relevant fagutdanning er også velkomne som søkjarar.
  • Kjennskap til ASK er ønskjeleg.
  • Gjerne med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsnivå.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førerkort for bil med manuell gir er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Er kreativ og ser løysingar i staden for begrensningar.
  • Har interesse for formingsaktivitetar og liknande.
  • God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både brukarar av tilbodet og kollegaer.
  • Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Er raus, omgjengeleg med godt humør og ikkje redd for å by på seg sjølv.

Vi tilbyr

  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5086463607
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.03.2026

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b540cfa-7d77-4fdf-91c0-3ad628d97330

Sist endret

14. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3c1ae8e6a4b84b05840bc3f3f7b3c405

Lignende annonser

Laster lignende annonser