Lærarstillingar ved Skjåk barne- og ungdomsskule
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærer
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. mai
Vil du vere med og skape eit inkluderande og framtidsretta læringsmiljø? Skjåk barne- og ungdomsskule har ledige faste stillingar og vikariat for lærarar som ønskjer å bidra til fagleg og sosial utvikling for elevar frå 1.--10. trinn.
Bli lærar i Skjåk -- fag, fellesskap og friluftsliv i eitt
Skjåk kommune med om lag 2100 innbyggjarar ligg heilt vest i Ottadalen, med kort veg til nokre av dei flottaste og mest besøkte nasjonalparkane og elvene i landet. Kommunesenteret er Bismo. Her får du ein aktiv kommune med satsing på næringsutvikling og turisme -- og rike moglegheiter for eit levande friluftsliv året rundt.
Skjåk barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Bismo, har 197 elevar frå 1.--10. trinn og vart opna i 2018. Skulen er ein MOT-skule som legg vekt på tidleg innsats, fagleg og sosial læring i eit inkluderande miljø, og utvikling av sterke profesjonelle læringsfellesskap.
Vi har no ledig 100 % fast lærarstilling og inntil 80 % vikarstilling.
Det kan òg bli ledige andre stillingsprosentar, både faste og vikariat.
Som lærar ved Skjåk barne- og ungdomsskule skal du mellom anna
-
ha ansvar for elevar og klassar frå 1. til 10. klasse, kontaktlærar kan vere aktuelt.
-
bidra til å tryggje skulekvardagen til alle elevar ved skulen.
-
samarbeide med pedagogar, pedagogiske medhjelparar, leiinga og andre instansar.
-
halde deg fagleg oppdatert.
Ønska kvalifikasjonar:
Vi ser etter deg som
-
har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
-
taklar varierte arbeidsdagar.
-
har evne til å opptre roleg og bestemt.
-
ser barnet/eleven sitt behov og bidreg til ein trygg læringssituasjon.
-
evnar å planleggje for fagleg og sosial læring i eit fellesskap.
-
er lojal, ansvarsfull og inkluderande.
-
kan stille seg bak skulen sin visjon: <<Robust og positiv>>.
-
kan bidra med: god stemning, forståing i møte med barn og praktisere <<tøff kjærleik>>.
-
trivst ute, og deltek aktivt i læring, leik og aktivitet i all slags vêr.
-
har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Skjåk kommune ønskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Ved tilsetjing må godkjent politiattest leggjast fram i tråd med opplæringslova. Kopi av vitnemål og attestar skal takast med til intervju.
Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med rektor Sjur Arne Lindby på tlf. 922 89 139.
Søknadsfrist: 01.05.2026
Elektronisk søknadsskjemaSøkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meir openheit ved tilsetjingar. Ønskje om unntak må grunngjevast særskilt.
Kvifor velje Skjåk?
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: Heidrun Israelsen -- prosjektleiar <<Sats på Skjåk>> Tlf. 994 27 902
Sletting av studielån
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på Sletting av gjeld i utvalgte kommunar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63250ce2-c082-46d1-947c-051d69ddc3a5
- Sist endret
7. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
63250ce2-c082-46d1-947c-051d69ddc3a5