Hopp til innhold

Inntil 100 % fast stilling som landbruksrettleiar

Arbeidsgiver

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet

Om jobben

Stillingstittel
Landbruksrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Vil du vere med og utvikle landbruket i Lom og Skjåk? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik landbruksrettleiar til ei variert stilling i eit tverrfagleg miljø, der du får arbeide med berekraftig ressursforvaltning, fagleg utvikling og tett dialog med landbruksnæringa.

Skjåk kommune har ledig inntil 100% fast stilling som landbruksrettleiar.

Stillinga er for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk, og 20% av stillinga er førebels knytt til prosjektstilling. Stillinga er ledig frå dags dato.

Vil du vere med og utvikle landbruket i kommunane våre? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til ei spennande og variert stilling ved landbrukskontoret.

Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste der Skjåk kommune er vertskommune. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som arbeider med landbruksforvaltning og berekraftig ressursforvaltning. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling. Som landbruksrettleiar vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling innan jord- og skogbruk, tilskotsordningar, jordlovsaker og konsesjonssaker.

  • Oppfølging av miljø- og klimatiltak i landbruket samt gjødselbrukforskrift.

  • Deltaking i utviklingsprosjekt og samarbeid med regionale aktørar.

  • Bidra til god dialog mellom kommunen og landbruksnæringa.

Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelorgrad, innan agronomi, skogfag, naturforvaltning, plantevitskap eller tilsvarande

  • Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller landbruksnæringa er ein fordel

  • Det er ein fordel med kjennskap til relevant lov- og regelverk innan landbruksforvaltning

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

  • Førarkort klasse B

Vi vektlegg at du

  • har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

  • har gode samarbeidsevner og serviceinnstilling.

  • har god digital kompetanse, og at du ser moglegheiter i digitalisering og utvikling av gode system.

  • er lærevillig og deler av din kunnskap.

  • er løysingsfokusert.

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • er positiv og initiativrik.

  • trivst med høgt aktivitetsnivå og menneske rundt deg i jobbkvardagen.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.

  • pensjonsordning i KLP.

Spørsmål om stillinga kan rettast til landbrukssjef Erling Dagsgard, telefonnummer: 90 99 94 96,

Søknadsfrist 03.05.2026

Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. 

Vil du vite meir om oss?

Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.

Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902).

Sletting av studielån

Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. · Les meir om ordninga her Sletting av studielån

Kontaktperson for stillingen

Erling Dagsgard

Jordbrukssjef

909 99 496

erling.dagsgard@skjaak.kommune.no

Om bedriften

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3c6358f6-4867-4578-a441-88545613de6f

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

3c6358f6-4867-4578-a441-88545613de6f

Lignende annonser

Laster lignende annonser