Helsesjukepleiar, vikariat
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Helsesykepleier
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Har du engasjement for barn og unge og ønskjer å jobbe helsefremjande og førebyggjande i eit fagleg sterkt miljø? Skjåk kommune har ledig 100 % vikarstilling som helsesjukepleiar, der du blir ein del av ein helsestasjon i utvikling og i eit engasjert fagmiljø.
Vikar som helsesjukepleiar 100 % stilling
Skjåk kommune har ledig vikarstilling som helsesjukepleiar frå dags dato til og med 30.06.27 med moglegheit for forlenging. Stillinga er for tida ved helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Du vil bli ein del av Lom og Skjåk helsestasjon som var slått saman frå 1. januar 2023. Helsestasjon er stadig i utvikling og du vil bli ein del av eit kollegium som er engasjerte, løysingsorienterte og arbeider til det beste for barn og unge.
Arbeidsoppgåver:
-
Arbeid som helsesjukepleiar jf. nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta.
-
Arbeide med helsefremjande og førebyggjande arbeid på individ, gruppe og samfunnsnivå.
-
Delta i tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar:
-
Høgskulekompetanse, fortrinnsvis helsesjukepleiar, men anna høgskulekompetanse kan vurderast.
-
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
-
Gyldig politiattest.
-
Førarkort klasse B.
Vi vektlegg at du
-
har erfaring frå helsestasjon/ skulehelseteneste eller anna førebyggande folkehelsearbeid.
-
er sertifisert i/har god kjennskap til COS-P, PMTO, TIBIR, Tuning in to teens, ICDP eller andre foreldrerettleiingsmetoder.
-
er personleg og fagleg trygg.
-
har eit ønskje om å utvikle deg sjølv og faget.
-
kan kommunisere godt med både barn og vaksne.
-
er strukturert, jobbar sjølvstendig og ser verdien av å samarbeide.
-
har gode samarbeidsevner.
-
har engasjement for målgruppa til helsestasjonen.
-
er positiv og ser gode løysingar.
Vi tilbyr
-
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
pensjonsordning i KLP.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Stine Brenna telefon 967 67 746.
Søknadsfrist 17.05 2026
-
Elektronisk søknadsskjema.
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort.
-
Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om Skjåk?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
52c4aa01-48e8-4f49-b41b-9dbd2bdc108b
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
52c4aa01-48e8-4f49-b41b-9dbd2bdc108b