Hopp til innhold

100% stilling i helse og omsorg frå hausten 2026

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Tenestekontoret

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Saksbehandlar tenestekontoret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Kven er me?

Tenestekontoret er kontaktpunkt for dei som har spørsmål om kommunale helse- og omsorgstenester, bustadtildeling og koordinerande eining i Vindafjord kommune. Me gir informasjon og rettleiing, tek imot søknadar og behandlar desse etter gjeldande retningslinjer og aktuelt lovverk. Me vurderer rett tenestenivå, tilbyr tenester til dei som treng det og skriv enkeltvedtak. Me legg vekt på gode pasientforløp og ønskjer å gi den einskilde eit heilskapleg og verdig tenestetilbod. Kartleggingsbesøk, samtalar og dialog med søkjarar, pårørande og tenesteytarar er ein naturleg del av arbeidskvardagen til våre to erfarne saksbehandlarar. 

Våre tilsette har sin arbeidsstad på rådhuset i Ølen mellom 08-15.30, med moglegheit for fleksibel arbeidstid. Det må påreknast noko meir ansvar når det er færre på jobb. Leiar tek medansvar i den daglege drifta ved behov. 

Kven er du?

Du vil bidra til riktig fordeling av helse- og omsorgstenester i Vindafjord kommune. Som saksbehandlar på tenestekontoret vil ditt arbeid og dine vurderingar påverke både einskildmennesket og kommunen sin ressursbruk. Din kompetanse og erfaring, dine verdiar og dine haldningar vil bety noko. Du må skape god dialog med eit stort mangfald av innbyggarar, ulike fagmiljø og tenester. Du må trivast med kontorarbeid og telefonsamtalar, samt fysiske møter. Du må kunne jobbe sjølvstendig og målretta. Du blir del av eit kontor som er prega av både internt og eksternt samarbeid, der ein må justere og utvikle seg i takt med andre. Du bidreg med gode refleksjonar og foreslår gjerne løysingar. Du blir del av eit triveleg arbeidsmiljø der du er med og påverkar arbeidskvardagen vår positivt med ditt nærvær. 

Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheiter for opplæring og utdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget eller sangkoret (KORe’ Vindafjord).
  • Gratis parkering.
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. 
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kva får du jobba med hos oss?
  • Saksbehandling
  • Variert og tilpassa kommunikasjon i møte med ulike målgrupper.
  • Tverrfaglege vurderingar i samarbeid med andre.
Kvalifikasjonar:
  • 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskule-/universitetsutdanning.
  • Relevant arbeidserfaring frå kommunehelsetenesta, eventuelt spesialisthelsetenesta.
  • Gyldig førarkort for personbil.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system.
Personlege eigenskapar:
  • tydeleg, strukturert og ansvarsbevisst.
  • audmjuk, lyttande og relasjonsbyggjande.
  • vennleg, imøtekommande og profesjonell.
  • bevisst eigen kommunikasjon og rolle i møte med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju torsdag 18.juni. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Trine Sørensen

Leiar

+47 53656048

trine.sorensen@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5fd0c3d1-733f-4369-9267-96439846e141

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3624603_229833_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser