Sommervikar i ambulansetjenesten
Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulansepersonell
- Type ansettelse
- Feriejobb, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
I ambulansetenesta i Helse Fonna treng vi ferievikarar i sommar!
Frå veke 26 til veke 34 har vi ledige stillingar i 50--100% ved våre 10 ambulansestasjonar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger på følgende lokasjoner: Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Kvinnherad, Stord, Tysnes og Bømlo.
Her blir du ein del av eit erfarent og fagleg sterkt miljø, der samarbeid og tryggleik står i sentrum. Arbeidskvardagen er variert, krevjande og spanande -- du må kunne ta raske og riktige avgjerder, arbeide sjølvstendig og trivast med å køyre utrykking.
👉 Skriv i prioritert rekkjefølgje kva stasjon du ønskjer å jobbe ved
👉 Oppgi eventuelle ønskje om arbeidsperiode dersom du ikkje kan jobbe heile sommaren
👉Vi behandlar søknadar fortløpande, så søk allereie no!
Kva går jobben ut på?
Behandling og transport av pasientar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag.
- Autorisasjon Paramedisin
- Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
- Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har god fysikk, slik at du kan møte dei praktiske utfordringane i jobben.
- har eit stort engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å vere ein lagspelar som delar kunnskap og støttar kollegaene dine.
- er punktleg og påliteleg -- ein kollega som andre kan stole på.
- jobbar sjølvstendig når det trengst, men trivst også med tett samarbeid i team.
- kommuniserer tydeleg og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og forståing.
- ser kva som må gjerast, tek initiativ og bidreg aktivt -- både ved å gi og ta imot hjelp.
Kvifor skal du velje oss?
🔹 Eit høgt fagleg nivå -- Her blir du ein del av eit dyktig fagmiljø der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar.
🔹 Eit engasjert og støttande arbeidsmiljø -- Du får kollegaer som brenn for jobben sin, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Her finn du eit lag av kompetente og stolte medarbeidarar som veit kor viktig godt samarbeid er.
🔹 Ein jobb med meining -- Kvart oppdrag betyr noko. Her får du ei variert og utfordrande arbeidserfaring som både utviklar deg fagleg og gir deg personleg vekst.
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ebbc5f6-6e0a-4ff8-ba7c-26128ebfee6a
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
457520657