Hopp til innhold

Sommervikar i ambulansetjenesten

Arbeidsgiver

Prehospital avdeling, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Ambulansepersonell
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

I ambulansetenesta i Helse Fonna treng vi ferievikarar i sommar!

Frå veke 26 til veke 34 har vi ledige stillingar i 50–100% ved våre 10 ambulansestasjonar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger på følgende lokasjoner: Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Kvinnherad, Stord, Tysnes og Bømlo.

Her blir du ein del av eit erfarent og fagleg sterkt miljø, der samarbeid og tryggleik står i sentrum. Arbeidskvardagen er variert, krevjande og spanande – du må kunne ta raske og riktige avgjerder, arbeide sjølvstendig og trivast med å køyre utrykking.

👉 Skriv i prioritert rekkjefølgje kva stasjon du ønskjer å jobbe ved
👉 Oppgi eventuelle ønskje om arbeidsperiode dersom du ikkje kan jobbe heile sommaren

👉 Vi behandlar søknadar fortløpande, så søk allereie no!


Kva går jobben ut på?

Behandling og transport av pasientar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag.
  • Autorisasjon Paramedisin
  • Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
  • Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har god fysikk, slik at du kan møte dei praktiske utfordringane i jobben.
  • har eit stort engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å vere ein lagspelar som delar kunnskap og støttar kollegaene dine.
  • er punktleg og påliteleg – ein kollega som andre kan stole på.
  • jobbar sjølvstendig når det trengst, men trivst også med tett samarbeid i team.
  • kommuniserer tydeleg og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og forståing.
  • ser kva som må gjerast, tek initiativ og bidreg aktivt – både ved å gi og ta imot hjelp.

Kvifor skal du velje oss?

🔹 Eit høgt fagleg nivå – Her blir du ein del av eit dyktig fagmiljø der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar.

🔹 Eit engasjert og støttande arbeidsmiljø – Du får kollegaer som brenn for jobben sin, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Her finn du eit lag av kompetente og stolte          medarbeidarar som veit kor viktig godt samarbeid er.

🔹 Ein jobb med meining – Kvart oppdrag betyr noko. Her får du ei variert og utfordrande arbeidserfaring som både utviklar deg fagleg og gir deg personleg vekst.

Kontaktinformasjon

Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, +47 91560352, lene.hetland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5070222137
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Lene Hetland

Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling

+47 91560352

lene.hetland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18746cf7-902b-4bf4-a5d3-9e6fd54cfe4c

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a8c44558b0a1485e8e4c98166062dd34

Lignende annonser