Hopp til innhold

Ambulansearbeidar/paramedisiner

Arbeidsgiver

Prehospital avdeling, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Ambulansearbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta, med forutsigbar turnus og ein variert arbeidsdag?

Prehospital avdeling i Helse Fonna etablerer no ei bemanningseining i ambulansetenesta og søkjer fire ambulansearbeidarar/paramedisinarar i 100 % fast stilling. Oppmøtestad vil vere Stord, Haugesund eller Vindafjord.

Hos oss blir du fast tilsett i ambulansetenesta, med fast oppmøtestad og turnus du kan planleggje livet rundt. Samtidig får du ein arbeidsdag med variasjon, der du jobbar på fleire av føretaket sine 10 ambulansestasjonar og går inn der det er behov.

Dette er stillinga for deg som trivst med faglege utfordringar, likar variasjon i arbeidskvardagen og ønskjer å vere ein del av eit sterkt prehospitalt fagmiljø.

👉 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du sender inn ein søknad.


    Kva går jobben ut på?

    • Behandling og transport av pasientar.
    • Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse.
    • Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar.
    • Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag eller autorisasjon som paramedisiner.
    • Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus.
    • Sertifikat kode 160 og C1.
    • Bestått fysisk test.
    • Grunnleggjande datakunnskapar.
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

    Dersom du ikkje har C1 ved søknadstidspunktet, kan dette i enkelte tilfelle avklarast nærare ved tilsetjing. Kostnader knytte til førarkortet må dekkjast av søkjaren sjølv.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre
    • bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine
    • kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
    • tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst
    • har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare

    Kvifor skal du velje oss?

    • ein fast jobb i ei teneste i utvikling
    • forutsigbar turnus og fast oppmøtestad
    • ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar
    • bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
    • ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar

    Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø.


    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, 91560352, lene.hetland@helse-fonna.no
    Bjørn Skjoldevik Johnsen, Funksjonsleder, 45205593, bjorn.skjoldevik.johnsen@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5103731738
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.06.2026
    Søknadsfrist: 17.05.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Bjørn Skjoldevik Johnsen

    Funksjonsleder

    45205593

    bjorn.skjoldevik.johnsen@helse-fonna.no

    Lene Hetland

    Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling

    91560352

    lene.hetland@helse-fonna.no

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    40cf359b-dc5f-454b-9829-046e6a353078

    Sist endret

    21. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    1e3738d4547c411ab64568cb6c875a03

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser