Vil du bli ferievikar hos oss som lagermedarbeidar?
Forsyning Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Forsyning ferievikar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av å ha til ei kvar tid.
Vi tek imot varer, følgjer opp bestillingar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie og behandling. Vi har nyleg starta eit spennande og viktig prosjekt som omfattar dei fleste avdelingane på sjukehuset, og rolla vår har blitt både meir synleg og viktigare enn før.
Vi følgjer vareflyten tett og får brukt kompetansen vår på best mogleg måte.
Arbeidstida er på dagtid, måndag til fredag, med fri på ettermiddagane og i helgene. Vi er innom fleire avdelingar på sjukehuset kvar dag, og det er viktig at du trivst med ein aktiv arbeidsdag og likar å ta i eit tak. Hos oss får du god – og betalt – trim i løpet av arbeidsdagen.
Vi søkjer både ferievikarar i sommar og tilkallingsvikarar i og etter sommarferien. Skriv i søknaden kva du søkjer på.
Hos oss får du god – og betalt – trim i løpet av arbeidsdagen. 👉 Likar du orden og ønskjer ein aktiv og variert arbeidsdag i sommar? Då håpar vi du søkjer.
Kva går jobben ut på?
- Varemottak og registrering av vareleveransar til både sentrallageret og til avdelingar.
- Skanning, planlegging og plukk av varer til avdelingar.
- Sørge for orden og vedlikehald på våre eigne lagerområde samt lager på avdelingane.
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
- Vareleveranser til eksterne lokasjonar tilknytte Haugesund sjukehus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant fagbrev innan logistikk eller service er ein fordel, men vi oppmodar også deg utan fagbrev til å søkje.
- Erfaring frå serviceverksemd er ein fordel.
- Førarkort klasse B, også for manuelt gir, er ønskeleg.
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring med IKT som arbeidsverktøy er ein fordel
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er:
- engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst
- møter arbeidsdagen med ei positiv innstilling
- trivst med ein aktiv arbeidsdag og praktiske arbeidsoppgåver.
- punktleg og møter når du skal
- god på å spørre når du treng det, det blir me berre glad for!
- lojal og er til stades for kollegaer og leiarar
Kvifor skal du velje oss?
- Eit unikt kollegateam med dyktige kollegaer.
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen.
- Inkluderande miljø der ein ønskjer å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag.
- Blir ein del av ei samfunnskritisk verksemd og ein jobb med meining!
Kontaktinformasjon
Lucas Campomar, Funksjonsleiar Forsyningseininga, +47 93618125Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, +47 40613860
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5112247676
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Lucas Campomar
Funksjonsleiar Forsyningseininga
+47 93618125
Natalia Soto
Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk
+47 40613860
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc46886f-54a6-426a-9754-bfb8dcc9ab49
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee3ce35c7b124f75a14f2f6b559b778e