Hopp til innhold

Er du fagarbeidar med sans for logistikk og kvalitet?

Arbeidsgiver

Forsyningsenhet, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider logistikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!
Vår forsyningseining ser etter 1 fagleg engasjert og serviceinnstilt kollega til teamet vårt – kanskje er dette deg?

Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av å ha til ei kvar tid.
Me tek varemottak, følgjer opp ordrar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie. Me har nyleg starta med eit spennande og viktig prosjekt som omfattar dei fleste avdelingane på sjukehuset, og vår rolle er blitt både meir synleg og viktigare enn tidlegare.
Me følgjer vareflyten tett på, og får brukt kompetansen vår på best mogleg vis.

Arbeidsdagen vår er kun på dagtid (måndag til fredag), og me ladar batteria på ettermiddagane og i helgene. Me er innom fleire avdelingar på sjukehuset dagleg, og det er ein føresetnad at du er aktiv og likar å ta i eit tak. Du får ein god (og betalt) trim kvar dag ved å jobbe hos oss!

For å passe i rolla er det viktig at du er engasjert, har digital forståing og er lærevillig. Me utfører ulike arbeidsoppgaver og er ein driftig og endringsvillig gjeng. Det passar oss ypperleg om du også brenn for orden, system og forbetring! Me høyrer gjerne på di meining og er inkluderande.
Samanhengen mellom pasientbehandlinga og vårt arbeid, er viktig at du har forståing for. 

 


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

  • Varemottak og registrering av vareleveransar til både sentrallageret og til avdelingar.
  • Skanning, planlegging og plukk av varer til avdelingar.
  • Få opplæring og kunnskap innan lagerbygging.
  • Kunnskap om vareflyt og forsyningskjede.
  • Sørge for orden og vedlikehald på våre eigne lagerområde samt lager på avdelingane.
  • Vere deltakande i og aktiv i forbetringar.
  • Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
  • Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane på sjukehuset.
  • Vareleveranser til eksterne lokasjonar tilknytte Haugesund sjukehus.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Me ønskjer primært kandidatar med fagbrev innan logistikk.
  • Søkjarar med fagbrev i servicefag eller helsefag kan vurderast.
  • Erfaring med logistiske dataverktøy, ønskjeleg med kjennskap til SAP.
  • Førarkort kl. B. Manuelt gir, helst.
  • Gode norskkunnskapar muntlig og skriftlig. Gjerne kunne kommunisere på engelsk.

    I tillegg vil det vera positivt dersom du har:
  • God forståing innan hygiene og fokus på dette i det daglege arbeidet.
  • God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Kan vere både frå privat og offentleg sektor.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • er engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst, og møter arbeidsdagen med ein «ja-mentalitet».
  • er ein positiv og serviceinnstilt kollega med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • opptrer lojalt og er til stades for kollegaer og leiarar.
  • jobbar strukturert, tek initiativ og er lærevillig, med gode haldningar til endringsarbeid og utvikling.
  • er i god fysisk form og eigna til praktisk arbeid.
  • har låg terskel for å spørre om bistand og spør fordi du ynskjer å lera.

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit unikt kollegateam med dyktige kollegaer.
  • Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
  • God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen.
  • Inkluderande miljø der ein ønskjer å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag.
  • Blir ein del av ei samfunnskritisk verksemd og ein jobb med meining!

Kontaktinformasjon

Lucas Campomar, Funksjonsleiar Forsyning, 99201902
Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, +47 40613860

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5108785231
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Natalia Soto

Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk

+47 40613860

Lucas Campomar

Funksjonsleiar Forsyning

99201902

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2bb59e9b-7cf8-491c-86ba-e3173be5a8b7

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

45b0be10e80440f3bdcf1e67202ec76b

Lignende annonser

Laster lignende annonser