Hopp til innhold

Leiar for Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar (NAPOS)

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken/ Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Leiar for NAPOS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 9. juni

Vil du bidra til betre diagnostikk, behandling og livskvalitet for menneske med sjeldne sjukdomar?

Vi søker ein engasjert og målretta leiar til å vidareutvikle Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar (NAPOS). Vi har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdomane.

NAPOS har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.

NAPOS rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får, gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.

NAPOS har om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. NAPOS er ein del av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar. For meir informasjon om NAPOS; sjå napos.no


Arbeidsoppgåver

  • Overordna fagleg, administrativt inkludert budsjett og personalmessig ansvar for NAPOS
  • Ansvar for heilskapleg og strategisk utvikling av verksemda, i tråd med vedtekne mål og strategiar
  • Delta i leiargruppa for Nasjonalt sjeldensenter
  • Leie og vidareutvikle Norsk porfyriregister
  • Delta i og eventuelt leie tverrfaglege team ved NAPOS
  • Samarbeide med Seksjon for porfyrianalysar, seksjonsoverlege og legar ved MBF opp mot porfyridiagnostikk
  • Ansvarleg for å legge til rette for forskingsaktivitetar, utviklingsprosjekt og kliniske studiar
  • Avhengig av faglege kvalifikasjonar; bidra i klinisk verksemd retta mot helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdomar
  • Delta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosar
  • Leiar rapporterer til avdelingssjef ved MBF

Kvalifikasjonar

  • Lege med norsk autorisasjon og relevant spesialistutdanning, alternativt mastergrad i helse- eller laboratoriefag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Kjennskap til porfyrisjukdomar og/eller sjeldenfeltet vil vere ein stor fordel
  • Forskingserfaring er ønskeleg
  • Relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
  • Evne til å uttrykke seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, samt ha god formidlingsevne
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Ansvarsbevisst med evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og målretta 
  • Å halde roa, oversikta og fokuset, sjølv når tempoet er høgt og mange fristar kjem samstundes
  • Å kunne arbeide med fleire parallelle oppgåver og fullføre dei til rett tid
  • Evne og vilje til å sette seg inn i nye saksområde
  • Evne til å motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst med å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • Interesse for utvikling- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Dagstilling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksible arbeidsforhold

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, 93 04 01 04, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no
Kristin Holstad, Seksjonsoverlege medisinsk biokjemi, 55 97 32 38, kristin.holstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5128999107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 09.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kristin Holstad

Seksjonsoverlege medisinsk biokjemi

55 97 32 38

kristin.holstad@helse-bergen.no

Hege Hoff Skavøy

Avdelingssjef

93 04 01 04

hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5daed52c-b343-49c9-ab54-c07a930b9042

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7290fc55a75c4e67b46ccdf948a89772

Lignende annonser

Laster lignende annonser