Hopp til innhold

Allmennmedisinar, Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) 

Arbeidsgiver

HAVO ambulant og poliklinikk/ ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein

Om jobben

Stillingstittel
Allmennmedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 10. august

Har du lyst til å jobbe i eit fagleg engasjert miljø med gode arbeidstidsvilkår? Då er du kanskje vår neste overlege!

Vi har ledig 100% fast stilling for overlege med spesialisering i allmennmedisin.

Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. Fagfeltet er spennande og variert, og grensar mot mange ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO har ofte samansette kognitive, medisinske og psykiske utfordringar. Grunnlidinga kan vere ulike syndrom, utviklingsforstyrringar og/eller utviklingshemming. Mange har uavklarte somatiske plagar, i tillegg til psykiske vanskar som angst, psykose eller affektive lidingar.

Utgreiing og behandling er ofte krevande fordi pasientane ikkje alltid klarer å skildre symptom, smerte eller verknad av medisinar. Overlegen må difor sette seg ekstra grundig inn i sjukehistoria og innhente opplysningar frå både pasient, pårørande og kommune/hjelpeapparat.

Vi søkjer lege som har interesse for målgruppa vår, og som vil bidra til å utvikle avdelinga. Vi oppmodar òg nyutdanna spesialistar i allmennmedisin til å søkje.

Som overlege i HAVO vil du mellom anna samarbeide med fastlegen om somatikk, vurdere medikamentbiverknader, redusere polyfarmasi, tilvise til genetisk utgreiing, diagnostisere og behandle lettare psykiske lidingar, søvnvanskar og smerte. Det meste skjer i tett samarbeid med andre spesialistar og yrkesgrupper i HAVO, då tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga.

Ein viktig del av arbeidet er rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. HAVO ventar at du deltar i etterutdanning og hospiterer i relevante fagmiljø for å oppnå det komande (toårige) fordjupingsområdet: kompetansemål for legar i habilitering. Du vil få rettleiing av erfaren psykiater og god støtte frå dei andre yrkesgruppene. Avdelinga består av overlegar (psykiater og fysikalsk medisinar), psykologar, vernepleiarar, pedagogar og ergo- og fysioterapeutar. Alle har ulike tilleggsutdanningar. Det er til saman 23 tilsette ved avdelinga.

Avdelinga er ein del av Rehabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og regionale kompetansetenester for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag lokaliserte på ulike stader. Det er planlagt innflytting i felles bygg på Nordås i 2028. Det er inga vaktordning eller akuttfunksjon knytt til stillinga. Arbeidstida er 08:00–16:00 på kvardagar.

Arbeidsforma er primært poliklinisk, men noko ambulant oppfølging må reknast med. Vi har tenestebilar. Tilsetjing etter nærare avtale. Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29 på Breistein. Det er gode parkeringsmoglegheiter. Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar eller overlege i HAVO for ein uformell prat (avdelinga er feriestengd veke 29–30).

Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Forsking og fagutvikling
  • Kurs og undervisning 
  • Vurdere tilvisingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin
  • Interesse for og/eller erfaring frå fagfeltet
  • Erfaring og gode evner i tverrfagleg teamarbeid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Jobbar godt både sjølvstendig og i team 
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø
  • Vil utvikle kompetansen din og bidra til fagutvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Arbeidstid som lett kan kombinerast med familieliv
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling/kurs/utdanningspermisjon
  • Løn etter gjeldande avtale
  • Moglegheiter for hospitering hos andre aktuelle avdelingar i landet


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å lasta opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626
Kjersti Kvalbein, Overlege, 55 53 50 00

Arbeidsstad

Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5138968255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kjersti Kvalbein

Overlege

55 53 50 00

Beate Kristin Lilleheil

Seksjonsleiar

95197626

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

32cbcf65-ef0d-4a7e-9aa5-721cefff9faa

Sist endret

17. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

170914ecc8d0431a9e9e6c772fe93b8a

Lignende annonser

Laster lignende annonser