Hopp til innhold

Psykologspesialist/ psykolog

Arbeidsgiver

Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Vestmoa 27, 6018 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/ psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Vi søkjer etter psykologspesialist/psykolog. Stillinga blir plassert ved poliklinikk eller døgnseksjon basert på driftsmessige behov.

Som psykologspesialist/psykolog i våre seksjonar får du moglegheit til fagleg vekst og å vere med å på å utvikle eit spanande fagfelt vidare!
Avdeling for TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling) er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg samansett og inkluderar rus-spesialistar/psykiaterar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning. TSB er eit ungt fagfelt i utvikling. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt i TSB med å utvikle kompetansen i behandling av psykiske lidingar. Kanskje er dette noko for deg?

Som psykologspesialist/psykolog vil du bidra med psykologfagleg kunnskap og diagnosekompetanse inn i tverrfagleg samarbeid, du vil gi utgreiing og terapi-oppfølging til pasientar som treng det. Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg koordinator som koordinerar pasientforløpet og har ansvar for pasientforløp TSB. Som psykologspesialist/psykolog vil du i staden verte nytta til psykologfaglege oppgåver, både i det tverrfaglege samarbeidet, i samarbeid med øvrig hjelpeapparat og i direkte oppfølging av pasientar. Den psykologfaglege kompetansen vert høgt verdsett og er viktig i det direkte pasientarbeidet, men sjåast også på som ein sentral kompetanse i den faglege utviklinga.

Avdeling for TSB er opptatt av kunnskapsbasert behandling og per i dag tilbyr vi ulike former for traumebehandling i alle behandlingsseksjonane hjå oss. Vi fokuserer også på å etablere kunnskapsbasert behandling for personlighetsforstyrrelse.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
  • Individuelt behandlingsansvar
  • Vere ein del av eit tverrfagleg team
  • Rettleiing og bistand til tverrfagleg team basert på psykologfagleg kunnskap
  • Samarbeid med ulike faggrupper
  • Eksternt samarbeid og undervisning
  • Samtalar med pårørande
  • Bidra inn i fagutvikling/kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist eller psykolog med norsk autorisasjon, eller lisens som fører til autorisasjon
  • Ønskjeleg med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
  • Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid vert vektlagt
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Ønskjeleg med klinisk erfaring
  • Ønskjelig med kompetanse og erfaring med traumebehandling

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har evne til å handtere hektiske dagar og komplekse saker
  • Du likar å bidra til kompetanseutvikling
  • Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Å vere personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Spanande og krevjande arbeidsoppgåver i eit godt og kompetent fagmiljø
  • Rettleiing
  • Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til fagleg utvikling og kurs
  • Moglegheit til avtale om vekentleg lesetid
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Rekrutteringstillegg
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, +47 70 17 13 84, Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vestmoa 27
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5119122961
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Linn Therese Reiakvam

Seksjonsleiar

+47 70 17 13 84

Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

579f89a1-859e-4e0f-8514-7d4b531ec706

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4f35d31a1e994a93be180616726e96ff

Lignende annonser

Laster lignende annonser