Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Ønskjer du å bli vår nye kollega? Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar. 

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon.

Døgnseksjonen har ledig 100% vikariat i 1 år for psykolog, med oppstart 1 september eller etter avtale med seksjonsleiar. 

Døgnseksjonen har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for augeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. 
Vi tek imot pasientar med alvorleg psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).

Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø.

Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering innan fagfeltet psykisk helsevern for barn og unge
  • Arbeide med barn og unge, og familiane deira, som er i akutte kriser
  • Augeblikkeleg hjelp
  • Fag- og kompetanseutvikling gjennom deltaking i behandlarmøter, miniteam-møter og undervisning
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt med våre samarbeidsparter

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon eller lisens som psykolog
  • For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk språk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid
  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Dagarbeid mellom 08:00 - 15:30, og inga vaktordning for kveld og helg
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 18
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5126249016
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Beate Olsbø Nilsen

Seksjonsleiar

70106700

Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fae3f607-3244-4a25-987f-e815aff998a1

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

09b2d7ac20514126a28145cbf88e3d92

Lignende annonser

Laster lignende annonser