Hopp til innhold

Sommarjobb - vil du jobbe med reinhald, kjøkken eller i sjukehusparken?

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

5451 Valen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb - vil du jobbe med reinhald, kjøkken eller i sjukehusparken?
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

På Valen sjukehus treng vi ferievikarar som vil bidra til å halde sjukehuset og uteområda i god stand gjennom sommaren.

Du kan velje mellom å jobba som reinhaldsassistent, kjøkkenassistent eller med vedlikehald av sjukehusparken. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der alle er veldig glade for å få arbeide saman med deg i sommarferien. 

Vi søkjer vikarar i perioden frå veke 26 til veke 33. Kan du jobbe store delar av sommaren? Perfekt!

Har du lyst å jobbe med:

Reinhald - Du vil bidra til eit reint og triveleg miljø ved å vaske golv, tørke støv og halde pasientavdelingar, korridorar og kontor reine.

Kjøkken - Jobben går ut på å lage til enkel brødmat for salg i kantina og betjening av kundar. 80% stilling. 

Arbeid i sjukehusparken - Jobben inkluderer plenklipping, kantklipping og generell rydding i sjukehusparken, som blir brukt av både pasientar, tilsette og lokalbefolkninga.

Skriv i søknaden om du søkjer stilling som reinhaldsassistent, kjøkkenassistent eller arbeid i sjukehusparken

Bli med oss og få ein spanande og lærerik sommarjobb! 🌞


Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Erfaring frå områda er ein fordel, men opplæring blir gitt.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Er kjent med IT - verktøy.
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som: 

  • trivst med å jobbe saman med andre, møter folk med eit smil og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • møter opp til avtalt tid, gjer jobben grundig og tek ansvar for oppgåvene dine
  • er open for nye oppgåver og tilpassar deg ulike arbeidsdagar
  • både forstår og kommuniserer på norsk, både munnleg og skriftleg
Kvifor skal du velje oss?

 Hos oss får du:

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø – Vi tek godt imot ferievikarar og sørgjer for at du føler deg som ein del av teamet frå første dag.
  • Ein aktiv og variert jobb – Ingen dagar er heilt like! Du får ein fysisk aktiv jobb der du ser resultatet av arbeidet ditt kvar dag.
  • Trygg lønn og gode vilkår – Du får lønn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
KontaktinformasjonBente Furrebøe, Avdelingsleiar, 53651097
ArbeidsstadSjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5062602999
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57047900-1f98-4db5-a924-f048221f3504

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4553916

Lignende annonser