Hopp til innhold

Ferievikar i sektor omsorg helse og sosial - bli med på laget vårt!

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar: Pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar?
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
25
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

 Kvinnherad kommune treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar og kanskje du er ein av dei?Vi treng deg som har relevant utdannig og erfaring, er i eit helsefagleg utdanningsløp ellerdeg som har eit ønskje om å bidra slik at brukarane våre får ein fin sommar!

  

Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2026 - frå 15.06.26 til 23.08.26. Det vil vera behov for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er ønskjeleg, men har du ingen erfaring vil vi sørgje for god opplæring før oppstart og rettleiing undervegs.

Det er størst behov for vikarar i perioden 20.06.2026 til 16.08.2026 og du som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert.

Søkjarar må vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ønskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me at du søkjer i same eining.

Me ønskjer at du i søknaden opplyser:
Om du har førarkort (Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.)
Kva eining du ønskjer å jobba i 
Veker du kan jobba
Om du ønskjer/kan jobba natt

 

 

Våre arbeidsstader: 

Husnestunet har 3 sjukeheimsavdelingar fordelt på 2 korttidsavdelingar og demensavdeling. Me har ledige ferievikariat på alle dei 3 sjukeheimsavdelingane og nattevakttenesta for institusjon og heimeteneste i Husnesområdet.

Kontaktperson: Tove Omdal

Halsnøytunet treng ferievikarar innanfor følgjande avdeling/område: Korttid- og langtidsavdeling, demensavdeling, og nattevakt

Kontaktperson: Tove Omdal 

Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid,  langtid og demensavdeling. Me har ledig ferievikariat på alle avdelingane og nattevakttenesta for institusjonen og heimetenesta  i Rosendalsområde. 

Kontaktperson: Tone Tufta Gaugstad

Heimetenester har ledig vikariat innan følgjande område: Heimesjukepleie, heimehjelp, BPA og bufellesskap, ordinær turnus og langvakter. Heimetenesta held til i Ølve, i Rosendal, på Husnes og på Halsnøy og har tenester i alle bygdene i kommunen. 

Kontaktperson: Ellen Korsvold.

Bu- og habilitering består av bufelleskap i Rosendal, Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og sosial opplæring i daglege gjeremål med vaksne personar med funksjonshemmingar. Har medlevarturnus og turnus med lange vakter. 

Kontaktperson: Hilde Bakkebø.

Rus- og psykiske helsetenester har ledig vikariat som er knytt til oppfølgingstenesta på Husnes og to bufellesskap; Utsikten på Valen og Borgjo i Rosendal. 

Kontaktperson: Linn S. Hellås.

Hovudkjøkkenet Husnestunet treng vikar heile, evt deler av ferien.

Kontaktperson: Finn Ove Solberg.

 

 

                                                           

 

 

                                                                      https://www.buisunnhordland.no/bu-i-sunnhordland/sunnhordlandsfilmen/ 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hilde Bakkebø

+47 97778377

hilde.bakkebo@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

601608e1-85ca-4e1b-a31a-df7d84e7b034

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3588205_225945_nn

Lignende annonser